Politibetjentane Truls Gunntveit og Kristoffer (ynskjer ikkje publisert etternamn) var på oppdrag då tenestebilen deira var utsett for hærverk. Slikt blir klassifisert som vald mot offentleg tenestemann, og blir reagert på frå politiet si side, med ei melding. Teamleiar Vidar Mjåtvedt (til høgre) er både sint og skuffa over utvikinga.

Skadeverk på tenestebil:

Politiet set foten ned

I haust har det lokale politiet opplevd ein hardare tone med mykje dårleg oppførsel blant ungdom. Sist veke kulminerte dette i hærverk mot politibil då to av betjentane var på oppdrag retta mot ordensuro. No varslar Politiet sterkare reaksjonar.

I samband med helga vart politiet tilkalla til Hundvåkøy, der inntil 40 ungdommar var samla til fest, som huseigar melde hadde gått ut av kontroll. Då politibetjentane forsøkte å løysa opp i uroa, vart det gjort hærverk på den nye Mercedes-tenestebilen deira. Skjermen på høgre side har ein stor bulk og er skrapa opp etter hærverket.

– Me set ned foten no. Me opprettar saker på alle forhold. Det som er synd er at det resulterer i at ungdommen får kriminelt rulleblad, seier politioverbetjent Vidar Mjåtvedt til Marsteinen. Teamleiaren er både skuffa og sint over utviklinga i haust, som etter skulestart har resultert i at ungdom har vist fingeren til tenestemenn, forsøkt å stikka av frå kontrollar med lett motorsykkel og oppgitt feil personalia til politiet. I tillegg kjem språkbruk som ikkje høyrer heime når ein snakkar til offentleg tenestemann.