– Me treng ikkje noko kvotemelding 2.0. Ballen må leggjast daud, sjølv om kvotemeldinga mislukkast i det som var hovudmålsetninga, sa Christian Halstensen, dagleg leiar i familiereiarlaget i Bekkjarvik, til ein engasjert lyttande Odd Harald Hovland og Marte Mjøs Persen. Ei ny kvotemelding ligg programfesta hos Arbeidarpartiet.
Arbeidarpartiet sine kandidatar fekk innspel frå både styreleiar Lars Ove Stenevik i Norges Sildesalgslag og pensjonert bankmann Kjell Stangeland, som òg er gift med Arbeidarpartiets lokallagsleiar Jane Stangeland. Halstensen-reiarlaget vart komplementert av Fiskebåt Vest sin avdelingsleiar Nina Rasmussen.
Christian Halstensen problematiserte risikoen ved å setja den intrikate balansen i fiskerinæringa i spel, mellom anna med eit ynskje om å fordela fiskekvoter frå kystflåten til den havgåande flåten.
– Etter kvotemeldinga veit me at mange har sett seg på gjerdet. Dei vågar ikkje investera, eller fornye båtar. Havfiske er ei kapitalintensiv næring, der dei einaste me kan venda oss til er bankane. Me kan til dømes ikkje gå på børsen, sa Halstensen med adresse til deltakarlova, strukturtak og andre ordningar som set avgrensingar på kven som kan eiga og driva båtane.
Program og agenda
Inge Halstensen let sonen føra ordet, men tok sjølv bladet frå munnen og uttrykte ei slags uro for utspela som har kome frå den fiskeripolititiske talspersonen til sosialdemokratane, Cecilie Myhrseth, med eit ynskje om å ta kvotar frå havfiskeflåten og gje til dei mindre kystfartøya.
– Arbeidarpartiet har vore garantisten for ein stabil fiskeripolitikk. Men no er me vortne urolege: I det noverande Stortinget er det kanskje seks og ein halv politikar som verkeleg kan fiskeri. Ein av dei er avtroppande Tom-Christer Nilsen frå Høgre. Det kan verta alvorleg for oss om den historia som desse politikarane fortel, vert omsett i politikk, sa Inge Halstensen med adresse til Myhrseth og Knag Fylkesnes (SV). Ein treng òg gode fiskeriministarar, som ikke vert verktøy fir det sterke embetsverket i departementet. Sjølv om Mjøs Persen ikkje ville diskutera einskildpolitikarar og utspela deira, lytta ho interessert om framlegginga til fiskebåtreiarane.
Kjell Stangeland, med bankbriller på, uttrykte si uro for om fiskeripolitikken fort kunne bli offer for ein politisk hestehandel, men store konsekvensar for kystnoreg.
Christian Halstensen si analyse gjekk på at nokre aktørar innanfor kystsegmentet har strukturert seg opp, bygd større og blitt solide selskap. Og at det med tida har ført misnøye med seg.
– Då silda slutta å overvintra i Vestfjorden, og i staden vandra ute i havet, måtte den delen av kystflåten som fiska etter henne ut på havet. Det gjer du ikkje utan ein større båt, det veit alle som har vore vestom Lofoten vinterstid, sa Christian Halstensen, samstundes som han åtvara om å høyra for mykje på tårer og tenners gnissel frå einskilde akademiske miljø på Nordkalotten.
– Stort sett har det vore gode år både i kyst- og havfiskeflåten i det siste. Det har vore ein konsensus mellom gruppene, men når politikarane kastar olje på glørne og seier til den eine gruppa at dei skal få meir, er denne balansen i spel, meinte Halstensen.
Kapitalbehov og CO2-avgift
Fiskerinæringa er tett i synergiane med banknæringa. Tidlegare DnB-nestor Kjell Stangeland poengterte òg det langsiktige blikket, og stabiliteten næringa treng for å vera med på det grøne skiftet. Skal ein kunna gå for alternative og grønare drivstoff enn diesel, trengst det kapital, større båtar og truleg eit høve for meir kvotar på einskildfartøy.
– Me kunne med eit pennestrøk gjort det slik at den havgåande fiskebåten vart dobbelt så effektiv, sa Stangeland, med adresse til kvotegrunnlag som held ringnotflåten til kai store delar av året.
Christian Halstensen tona ned ynskjet næringa faktisk har til strukturering, ved at det finst eit uutnytta potensial for at kvotar kan bli kjøpt opp og fordelt på færre fartøy. Så lang et det berre tre-fire som fullt ut av nytta seg av dette høvet.
Det grøne skiftet, mogleg bruk av ammoniakk som supplement eller erstatning for diesel, vart eit tema som forsamlinga stadig kom innom. Bømlingen Hovland var godt informert over Wärtsilä-konsernet sine tankar om nye drivstoff, men òg at det statlege verkemiddelapparatet må brukast meir aktive og tilførast mykje fleire midlar.
– Me må sjå på infrastrukturen. Det var noko av årsaka til Tesla sin suksess i elbilmarknaden … Dei bygde ladestasjonar, og selde ikkje berre bilane. Slik kan me gjera det på havet òg, leggja tankskip slik at båtane kan fylla ammoniakk til havs, sa Hovland. Så langt trengst det mykje meir plass for ammoniakk enn konvensjonell diesel om bord i fartøya. Dermed kan kostesame ombyggingar pressa seg på.
CO2-avgifta er ein annan verkebyll. Innretninga bør i det minste verta laga slik at inntektene staten får frå dei vert retta inn i eit fond som stimulerer til innovasjon og teknologi som reduserer klimagassutsleppa monleg. I dag er ikkje innretninga tenkt slik.
– Press oss ikkje utfor stupet med armane bunde på ryggen, bad Inge Halstensen. CO2-avgita kan koma til å eta bort ein del av musklane næringa i seg sjølv kunne hatt for å gjera dei naudsynte investeringane.