– Dette tydeleg at austevollingene er redde for ei raud-grøn regjering, kommenterer han vidare.
Ordførar Morten Storebø (H) er sjølvsagt mellomnøgd med resultata:
– 36,1 prosent er eit sterkt resultat og Austevoll er framleis veldig blå. Me er samstundes litt skuffa over å gå tilbake fem prosentpoeng. Me har hatt høg aktivitet i valkampen og fått gode tilbakemeldingar og støtte frå veljarane, skriv han til Marsteinen.
Detaljerte valresultat finn du her.
Helge André Njåstad og partikollegane Silje Hjelmdal og Stig Abrahamsen. Elles i Hordaland ser det klokka 21:43 ut som om partiet går attende med 3 prosent og berre landar på 11,9 i valkrinsen. Foto: Frp.
Resultat Austevoll
Høgre 36,1 prosent (- 5)
Frp 25,2 % (+ 2)
Ap 13,6 % (- 0,3)
SP 7,1 % (+1,5)
KrF 6,4 % (-0,9)
SV 3,5 % (+0,2)
RV 2,1 % (+1,5)
MDG 1,6 % (+0,2)
Venstre 1,5 (-0,8)