Zygol dekkar oljespora i vegen ved Åno, som kan blir stengt i mange timar.
Zygol dekkar oljespora i vegen ved Åno, som kan blir stengt i mange timar.

Eitt felt ope ved Åno

Ein tank med opptil 1000 liter diesel hamna i morges i vegbanen ved Åno. Alt innhaldet har lekt ut, men eitt felt er ope frå klokka 13:20.

Tanken med dei 1000 litrane hamna i vegbanen, og i grunnen rundt svingen i Åno. Brannmannskapa har strøydd zygol, eit meir effektivt alternativ til sagmugg, i vegbanen for å trekkja til seg drivstoffet.

– Vegen vert stengt i mange timar, og me må sjå på om massane rundt vegen må gravast opp, seier brannsjef Hans Petter Bjånesøy til Marsteinen. Han åtvarar i same slengen av partiet like ved utkøyrselen til Loddo-stien vil forbli glatt lenge, særleg når det kjem nedbør.

Vegtrafikksentralen overtek skadestaden i løpet av tidleg ettermiddag, og jordmassar rundt vegen skal fjernast. Brannsjefen meiner at det tørre jordmonnet har fungert som ei lensepumpe for dei, og at det er dette som no skal fjernast.

Eitt felt er ope frå 13:20-tida.

– Det er framleis glatt her, åtvarar Bjånesøy.

Lenser i pollen

Heimarkpollen er på si side eit nokolunde lukka økosystem. Havforskar Terje van der Meeren seier at det er viktig å få samla opp eventuell diesel som kjem ut i sjøen, før han kan blanda seg og bli verande i økosystemet i pollen. Han tilrår å leggja ut oljelenser.

– Det er sjøaure i bekken som går under vegen ved Åno. Det er sjølvsagt ikkje gunstig med eit dieselutslepp, særleg når ein veit tilstanden til sjøauren elles langs Vestlandskysten, seier van der Meeren.