AIK vann 2 - 1 mot Trott på Stord måndag kveld. Foto: Tore Hufthammer.
AIK vann 2 - 1 mot Trott på Stord måndag kveld. Foto: Tore Hufthammer.

AIK vann borte mot Trott

Oransjetrøyene tok med seg tre nye poeng frå oppgjeret mot Trott på Stord måndag kveld. To skåringar i fyrste omgangen haldt til siger.

– Me startar friskt og har overtaket utover i omgangen. Trott kom berre til nokre få store sjansar, men me held roen og får klarert, seier assistenttrenar Kjetil Stensland på veg heim frå kamp.

Steffen André Skår finn nettmaskene rett ofte, og la til endå eit mål på målkontoen i det 17. minuttet.

– Eit fantastisk mål av Steffen André. Han driblar seg gjennom på høgre sida og berre vrir ballen lekkert opp i motsett kryss. Kongemål.

Midtbanemotoren Christan Haugland Mikkelsen la på til 2 – 0 kvarteret seinare.

– William Veivåg kjem seg fint forbi på venstresida og får lagt inn til Mikkelsen. Flott spel, ivrar Stensland.

AIK-trenaren førebudde laget sitt på at Trott kom til å gå ut med full kraft etter pausen, og fekk rett. Midtveges i andre omgangen reduserte Trott, men klarte ikkje å få inn ei utlikning.

– Dei hadde nokre gode sjansar, men Simen Bratten Gjøvåg redda meisterleg nokre situasjonar. Han og gutane skal ha skryt for å halda hovudet kaldt i avgjerande augneblinkar. Me slit litt av og til, men alt i alt så vinn me fullt fortent, konkluderer Kjetil.

Tabellsituasjonen er no snudd til meir positiv lesing med Austevoll-briller.

– Me har heng på fyrsteplassen. Alt kan skje dei fire siste kampane, og me går for full pott.

IL Trott – Austevoll IK

1 – 2 (0 – 2)

Trott stadion 20. september 2021

Mål:

17´ 0 – 1 Steffen André Skår

31´ 0 – 2 Christian Haugland Mikkelsen

69´ 1 – 2 Marius Nitter

Austevoll sitt lag

12 Simen Bratten Gjøvåg – 2 Erling-André Haugland Bjånesøy, 11 Steffen Skår, 18 Arnt Nikolai Klepsvik, 23 Øystein Eidsheim – 6 Christian Haugland Mikkelsen, 7 Kristoffer Østervold, 20 Joachim Haúgland Bjånesøy, 16 William Veivåg, 21 Steffen André Skår – 9 Tord Harald Skår

Gult kort:

Erling-André Haugland Bjånesøy (84)

Innbytarar:

22 Tor Eirik Nordtveit Tøkje

10 Marcus Sannes Thormodsen

14 Petter Tonning

19 Daniel Hufthammer

24 Joachim Veivåg