Prosjektet Zerokyst får 120 millionar kroner frå ordninga Grøn Plattform.
Prosjektet skal blant anna demonstrere løysingar for hydrogen-elektriske fartøy og mobil energiforsyning for fiskeri- og havbruk, skriv ilaks.no.
Tildelinga blei gjort kjent av næringsminister Iselin Nybø (V) og kunnskapsminister Guri Melby (V) i Trondheim. I ei pressemelding seier Nybø at Zerokyst er grøn omstilling i praksis.
– Her samarbeider dei breitt med både forskingsaktørar, energileverandørar, industrien og reiarlaga for å finne dei gode løysingane. Me skal tena pengar på den grøne omstillinga, og dette prosjektet har eit betydeleg potensial for verdiskaping og eksport, seier Nybø i pressemeldinga.