Kjersti Toppe og Nils T. Bjørke, fyrste- og andrekandidat til Stortinget for Senterpartiet i Hordaland, fekk klare meldingar frå næringsliv og lokale partitoppar då dei vitja Lighthouse Ship Management denne veka.
– Hadde du sett ein vanleg byråkrat i rors i eit av skipa våre, hadde han gått på grunn etter fem minutt. Systemet er ikkje bygd opp for at folk skal ta sjølvstendige avgjerdsler lenger, sa Nils Tore Melingen i Biofeeder. Han er for ordens skuld òg medlem i Senterpartiet.
Senterpartiet hadde med dei lokale eldsjelene Ingolv Skumsnes, Magnus Stangeland og Lars Knut Aarland, medan Lighthouse Ship Management stilte med dagleg leiar Anita Melingen, som naturlegvis med annan hatt på seg òg er gruppeleiar for Høgre i kommunestyret.
Bjørke poengterte at Senterpartiet er grunnleggjande usamde i mange av grepa som har skjedd i statsforvaltninga, der ein på store og robuste einingar sitt alter har ofra nærleiken til innbyggjarane. Eit døme kan vera med NAV, eit anna med Skatteetaten.
– Det finst mange utruleg dyktige menneske i NAV-systemet, men systemet har teke frå dei retten til å fatta avgjerder, sa Bjørk. Han la til at dei fleste sakshandsamarar lokalt har ei god kjensle over kven som genuint er på jakt etter å komma seg vidare, eller kven som eventuelt skulle vera ute etter å lura systemet for pengar.
– Systemet fungerer ikkje lenger når det premierer å ikkje ta ansvar, men berre fylgja paragrafane, sa Bjørk til partikollegane, som særs liten margin haldt på stortingsmandatet sitt i BTs siste måling, ein hårsbreidd framfor SV, som kjempar for å få inn andrekandidaten sin, Sara Bell. Bjørk sit i kontroll- og konstitusjonskomitéen og har såleis hatt ein del med NAV-systemet å gjera den siste perioden.
Nils Tore Melingen er oppteken av å skapa jobbar og aktivitet, og tek gjerne inn folk og gjev dei ein sjanse. Dårlege karakterar i norsk er inga hindring.
Skatt og nettoløn
Hos reiarane i Torangsvågen manglar det ikkje på skattevilje, men formuesskatten på den arbeidande kapitalen ser dei som ein tung klamp om foten. Steget frå Witzøe til ein lokal gründer med eigarskap i fiskeoppdrett og frakteselskap med ei skipperløn i botn verkar gigantisk når Nils Tore Melingen fortel om faktura på 400 000 kroner med forfall i november, som skattemynde brått ikkje ville gje seks veker forlenging på – for dei hadde flytta til Kristiansand.
– Eg har skapt 80 arbeidsplassar, og om eg ikkje fekk forlenginga ville det fått konsekvensar for om eg ville kunna ta opp lån, sa Melingen. Han klarte likevel å snakka vedkommande i andre enden av telefonlina til rette.
Kuriøst nok fattar mange byråkratar ikkje at ein sjømann har ei standard arbeidsveke på 84 timar i veka når dei er om bord.
Bjørk var på si side klar på at òg Senterpartiet gjerne vil setja ned den ganske særnorske skatten, medan Magnus Stangeland fortalde at han årleg må selja seg ned i selskapa sine for å betala formuesskatten. Å betala meir i utbytte om ein reduserer eller fjernar formuesskatten, såg det ikkje ut til å vera innvendingar mot.
Eit anna berande punkt for reiarlaga er at nettolønsordninga vert vidareført, og gjerne at ein tettar eventuelle hòl i ordninga, mellom anna at ein sjømann må ha hatt hyre i same selskap tre månadar for falla inn under ordninga. Å gje studentar sommarjobb blir mellom anna krevjande.
– Noreg er bygd på havet, frå vikingane til utanriksfarten. Det ligg nok noko nytt og ventar der ute, og i mellomtida må me ikkje mista kompetansen, sa Melingen. Det ingen kan ha frå havfolket er at dei er vaksne opp i fjøresteinane og tidleg lærer både sjøen å kjenna og vera sjølvstendige. I denne samanhengen betalar reiarlaget gjerne tre-fire gongar meir for ein norsk matros enn å tilsetja utlendingar, men desto viktigare er det at støtteordninga forblir intakt.
Magnus Stangeland meiner partiet hans må makta å prioritera kysten òg i samferdslespørsmål.
Samferdsle og alliansar
Magnus Stangeland var kritisk til vegsatsinga i Noreg, og meinte at kysten ikkje vart godt nok ivareteken hos partiet hans, heller. Nils T. Bjørk poengterte at SP som einaste parti har gått i bresjen for gratis ferjer til kommunar som manglar fast veg under hjula til fastlandet, samt at dei òg har arbeidd for lågare prisar på snøggbåtar.
– I tillegg ser me at regjeringa etter åtte år ikkje har sett i gang eitt einaste vegprosjekt i Vestland. Sotrasambandet var vedteke i gangsett før dei tok til, hevda Bjørk, som òg poengterte at fylka må få overføringar til veganane sine basert på kor mange kilometer fylkesveg dei har å vedlikehalda.
– Det er slett ikkje berre i Austevoll det er dårlege fylkesvegar.
Nils Tore Melingen talte varmt om snøggbåtane og fleksibiliteten dei gjev, mellom anna med tilkomst til lufthamna på Flesland. I ytste konsekvens kan ein hundvåkar med litt flyt ha kortare reisetid til flyet enn ein arnabu.
Lars Knut Aarland, med rik røynsle frå lokalpolitikken, åtvara mot å henta politisk støtte frå særleg Raudt og Miljøpartiet for å skaffa eit fleirtal for eit regjeringsalternativ no som Senterpartiet ser ut til å vera i fritt fall på meiningsmålingane.
– Me har sagt at me ikkje vil samarbeida med Raudt, men SV kan me ikkje utelukka. Trass alt må fleirtalet hentast ein stad i frå, sa Bjørk om dei moglege konstellasjonane etter stortingsvalet.