Nytt tilfelle av covid-19. To personar er smitta.
Nytt tilfelle av covid-19. To personar er smitta.

To personar covid-19-smitta

Dei siste dagane har to uavhengige personar fått påvist koronasmitte i Austevoll. Kommuneoverlegen ber folk vera flinke på å testa seg og halda avstand.

– To personar er stadfesta smitta med covid-19. Me veit ikkje kva type det er enno. Det tek tid å få svar på dette, men me går utifrå at det er deltavarianten, seier Uglenes til Marsteinen. Eitt av tilfella var importsmitte frå utlandet, og det andre frå ein kommune innanlands.

– Det er ingen dramatikk. Dei smitta har særs få nærkontaktar og er  i karantene, dei har òg fylgt retningslinene. Det er liten risiko for at smitten skal spreia seg, understrekar Uglenes.

Ledige vaksinetimar

Kommuneoverlegen fortel at den fyrste vaksinedosen ikkje gjer fullt så god dekning mot deltavarianten, som dei kanskje hadde håpa.

– Dermed er det framleis viktig å testa seg,  halda avstand og ha god handhygiene, oppmodar Uglenes. Ho legg til at det er mange ledige timar til vaksinasjon i neste veke og ho vonar at austevollingar som ikkje har fått den fyrste vaksinedosen enno, tingar ein time.

– Når me er ferdige med dose éin, startar med for fullt på andre dose. Fleire vil få vaksinedose to, allereie før dei tolv førespegla vekene, forklarar Uglenes.