Sofie Marhaug og Raudt vil gjerne snu politikken mot venstre og byggja ned ulikskapane som har fått opparbeidd seg i samfunnet.
Sofie Marhaug og Raudt vil gjerne snu politikken mot venstre og byggja ned ulikskapane som har fått opparbeidd seg i samfunnet.

Sofie Marhaug og Raudt på offensiven

Med røter i Kalvaneset, varmar det hjarta til stortingskandidat frå Raudt, Sofie Marhaug, at det vert skipa lokallag på øyane. Kampen mot ulikskapar er viktig òg på stadar som Austevoll.

Turen til Austevoll er ikkje berre ein del i valkampen for Sofie Marhaug. Raudtpolitikaren konstaterer at det varma godt i hjarterøtene hennar då det vart arrangert austevollsk pridemarkering, der ho sjølv var invitert til å halda ein appell.

– Fleire av medlemmane våre var sentrale i arrangementet, og no håpar me på at det er grunnlag for å etablera eit lokallag her ute. Eg likar å seia at me tek kysten attende, smiler Marhaug før medlemmane kjem og gjev seg til kjenne. Initiativet førte til at det truleg vert stabla lokallag på beina, med årsmøte og fordeling av verv.

Den siste tida har partiet på ytste venstrefløya gjort det godt i meiningsmålingane, og får 6,5 prosent på Repons Analyse si Hordalandsmåling for Bergens Tidende. Det ville gjeve henne plass i nasjonalforsamlinga, som fyrste Raudt-politikar frå valområdet vårt.

– Noko av grunnen til framgangen vår er at ulikskapen mellom folk har auka veldig, og er no på nivå med USA, hevdar Marhaug og viser til SSB (ekstern nyhendelenke via NRK). Særleg på stadar som Austevoll, der det er mykje rikdom, vil det å ha det trongt økonomisk verta sårt og vanskeleg.

Formueskatten

Kampen mot ulikskap er òg den viktigaste kampsaka for dei mørkeraude, og Marhaug har ikkje kvia seg for å gå rett i klinsj med oppdrettsgründer Gustav Witzøe om formueskatten.

– Høgre-regjeringa har leitt med lys og lykter for å finna hald i påstandane sine om at formueskatten slår negativt ut for næringslivet. Rapporten dei har tinga frå Frischsenteret viser det motsette, særleg for små og mellomstore verksemder, seier Marhaug, som òg merkar seg at Helge Møgster har forsvart Witzøe sitt utspel om skattelegginga.

– Det er ikkje slik at formueskatten er alfa-omega for oss, men me vil ha eit skattesystem som gjev ein meir rettvis fordeling, seier Marhaug. Partiet vil gjerne kjempa mot at einskilde nærast opparbeider seg nærast økonomiske dynasti, medan andre som arbeider hardt gjennom heile yrkesliva sine sit att med smular.

Raudt-kandidaten er medviten på at mange næringsaktørar i Austevoll vil vera usamde med Raudt sin argumentasjon, og visa til at dei lyt ta utbytte for å betala formueskatten sin, noko som favoriserer utanlandsk eigarskap. Her viser ho Scheel-utvalet som skriv at kapitalbehandling vert skattlagt òg i utlandet.

– Noreg sitt totale skattetrykk er under snittet, samanlikna med andre OECD-land. Kvifor skal me då kappast om å vera eit skatteparadis? spør Sofie Marhaug.

Aktiv næringspolitikk

Raudt er slett ikkje i mot at det vert skapt verdiar, men skuldar dagens regjering for å vera passive i næringspolitikken, og støtta seg mest på frihandel.

– Eit døme er i den maritime politikken, der me ser at Havforskingsinstituttet byggjer forskingsfartøyet sitt med koronamidlar – i Nederland. Her kunne me helt klart stilt strengare krav i anbodsgrunnlaget, som kunne sikra at leveransen hadde gått til norske skipsverft, trekkjer Marhaug fram som eit døme. Partiet hennar er òg i mot EØS-avtala, samstundes som dei gjerne vil trekkja Noreg ut av det europeiske energisamarbeidet.

– Dette gjev høgare straumprisar, ikkje berre til private forbrukarar, som igjen vil auka skilnadane mellom folk i Noreg. Det er òg med å gjera den kraftkrevjande industrien vår, som utelukkande vert driven på vasskraft utsett, seier Marhaug. Partiet hennar er òg ei klar røyst mot vindkraftutbygging, som dei meiner ikkje gjev arbeidsplassar, men er å øydeleggja norsk natur til fordel for utanlandsk kapital og energibehov.

– Å elektrifisera sokkelen vindkraft er eit anna døme. Det fungerer som eit forsøk på å grønvaska oljenæringa. Olje vert uansett brent i utlandet, avsluttar Marhaug.