Det skriv Havforskingsinstituttet.
Mengdindeksen vart betydeleg redusert i 2021 med 58,5 prosent i biomasse (tonn) og 53,4 prosent i talet på individ samanlikna med 2020. Redusert toktdekning i dei vestlege områda bidrog ikkje til nedgangen, skriv Instituttet
Det internasjonale makrell-økosystemtoktet sommaren 2021 i Nordaust-Atlanteren vart gjennomført med fem fartøy frå fire land på under fem veker frå 30. juni til 3. august 2021. Hovudformålet med toktet er å skaffe ein årleg aldersbasert mengdindeks med usikkerheitsestimat for nordaustatlantisk makrell.