Sosiale forskjellar er framleis den saka flest veljarar trekkjer fram før valet i haust, med 28 prosent, viser ei undersøking utført av Norstat for Aftenposten. Men klimasaka har vind i segla, og blir trekt fram av 26 prosent på spørsmål om kva to saker som er dei viktigaste i valet.
6,4 prosentpoeng fleire peikar på klimasaka no enn i ei tilsvarande undersøking i mars. Sidan då har mellom anna FNs klimarapport vorte sloppen.
– Det er godt og oppløftande å sjå, men det skulle òg berre mangla etter den siste FN-rapporten. Der vart det veldig tydeleg kva krise vi står i og kor mykje det hastar å gjera noko med ho, seier Oda Sofie Pettersen (21), førstekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Vest- og Aust-Agder.