Politi frå fastlandet vart tilkalla då ein mann køyrde av vegen på motorsykkel.
– Det er ein mannsperson som er involvert. Det er ukjent hendingsgang for politiet. Personen er rekna som hardt skadd, og er frakta til Haukeland med luftambulanse. Motorsykkelføraren var medviten då han vart ført inn i helikopteret. Politiet vil halda på med tekniske og taktiske undersøkingar utover kvelden, sa innsatsleiar Christine Grindstein.
– Det er ukjent for politiet om dei pårørande er varsla, la ho til.
Brannvesenet er på staden og har sperra vegen etter ordre frå politiet, og han vert haldt stengt så lenge politiet held på med undersøkingar.
Vegen vart meldt opna klokka 21:35, melder Bergens Tidende.