Det har i utgangspunkt vore strenge reglar mot å byggje i strandsona i Noreg sidan 1950-talet. Likevel var over ein tredjedel av strandsona i 2020 bygd ut.
Frå 2005 til 2020 har potensielt tilgjengeleg strandsone i Noreg gått ned frå 69,9 prosent til 68,4, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå. Det er ein reduksjon på 657.999 dekar, eller 11.900 fotballbaner, som NRK Vestfold og Telemark skreiv i fjor.
Ei spørjeundersøking som Ipsos gjorde for Norsk Friluftsliv i 2021, viser at 54 prosent av befolkninga i Noreg meiner utbygging i strandsona bør reduserast eller stoppast heilt.
Regjeringa ønsker likevel ikkje å stramme inn regelverket. I staden har ho vedteke nye statlege planretningslinjer , som skal gi større moglegheiter for arbeidsplassar i distriktskommunane.
Frå før er den norske strandsona langs sjøen og i fjordane delt inn i tre soner. Sone 1 er utelukkande i Oslofjorden: alle kystkommunar i Oslo, Viken og Vestfold og Telemark. I dette området er det frå før høgt utbyggingspress. Her vil det halda fram å vera strengt mot å byggja meir i strandsona.
Sone 2 går frå Agderkysten til Rogalandskysten og bynære område som Bergen, Ålesund, Molde, Kristiansund og i Trondheimsfjorden. I denne sona vil det i utgangspunktet vere praktisert strengt i planlegginga. Dispensasjonar skal unngåast i sentrale område der arealpresset er stort og på areal med betydning for natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser.
Utanom det er resterande strandsoner i Noreg i sone 3. Det er i desse strandsonene regjeringa ønsker kommunane skal få moglegheit til å bygge meir.
Raymond Robertsen (H) er statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som har lagt fram dei nye planretningslinjene. Han seier det blir opna for bygging i strandsona i sone 3 og nokre område i sone 2, om søkaren har planar om å skaffa arbeidsplassar.
– I Hammerfest, der eg kjem frå, er havet inntektskjelda. Skal ein få meir næringsliv til turistanlegg og havfiske, må det byggjast infrastruktur. Det er ikkje trongt om plassen i nord, og det er eit typisk område det vil bli lettare å få tillating til å byggja i strandsona.
Det vil ikkje vere aktuelt å opna opp for bygging av bustadar- eller fritidsbustadar, ifølgje Robertsen, som seier det heller ikkje burde bli gitt tillating å bygge om det gir vesentleg ulempe for miljøet i området.
Carl Johansen, Miljøpartiet Dei Grøne sin toppkandidat til stortingsvalet frå Møre og Romsdal, seier det frå før har vore for enkelt for kommunane å tillata bygging i strandsona.
– Dette har øydelagt store delar av strandsona i Noreg, og regjeringa vil no gjera det enklare å byggja ned også i resten av landet. Dei kallar det å støtta opp om lokaldemokratiet, men øydelegging av norsk natur og undergraving av allemannsretten er ikkje demokrati i det heile.
MDG sitt standpunkt er å heller beskytta strandsona og unngå ytterlegare utbygging, seier Johansen. Frykta er at resten av Noreg skal bli like utbygd som i sone 1.
Johansen seier det er mogleg å legge til rette for næringsliv utan at det skal gå ut over naturen, blant anna ved å bruke allereie nedbygd areal, som kan brukast om att til næringslivet.
– Me står ikkje på eit absolutt nei til all bygging i strandsona, men slik det er i dag, fungerer det ikkje i tråd med nasjonale mål for naturmangfald. Då blir det feil medisin å opna for meir utan ei nasjonal naturlov som varetek heilskapen.
Fakta: Strandsona
* Strandsona er ei allmennspråkleg nemning på området 100 meter frå strandlinja målt i horisontalplanet ved alminneleg høgvatn.
* Omgrepet «strandsona» har ingen juridisk definisjon, men blir i juridisk forstand vanlegvis brukt synonymt med 100-meterbeltet.
* Plan- og bygningslova § 1–8 seier at det langs sjøen og langs vassdrag skal takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser. I same føresegn står det at i 100-meterbeltet langs sjøen gjeld eit generelt byggeforbod, som ofte upresist blir omtalt som «strandlova».
Kjelder: SNL og plan- og bygningslova på Lovdata.no.