Vanlegvis har fiskarane eit «vindauge» på sju veker for å nå kvotane. I år var denne tidsperioden redusert til tre veker, seier Per Røys, fabrikksjef ved Pelagia Kalvåg i Sogn og Fjordane, til NRK Vestland.
Fordi fiskeriforhandlingane mellom Noreg og Storbritannia braut saman i april i år, har det ført til at britiske og norske fiskarar ikkje lenger kan gå inn i sonene til kvarandre.
Det fører mellom anna til at norske fiskarar må hente opp fisk som er tidlegare i livssyklusen, i staden for å kunne følgje han over i britisk farvatn der dei som regel veks seg feitare og kvaliteten er betre.
– Det er dessverre ein direkte konsekvens av brexit. No må fiskeflåten og landindustrien samarbeida, for å få eit best mogleg resultat av denne spesielle situasjonen, seier fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) til NRK.