Det vart mange førelegg på Barmahaugen fredag. Illustrasjonsfoto: Roland Magnusson /iStockphoto.
Det vart mange førelegg på Barmahaugen fredag. Illustrasjonsfoto: Roland Magnusson /iStockphoto.

Åtte førelegg på Barmahaugen for høg fart

Austevollpolitiet skreiv ut åtte førelegg for høg fart på Barmahaugen fredag. Høgaste farten vart målt til 65 kilometer i timen i 50-sona, og resulterte i eit førelegg på 4050 kroner. I tillegg kom to for mobilbruk og eitt for trimming/effektanlegg på lett motorsykkel (5 850 kroner).

Det er politibetjent Freddy Brosvik frå Austevoll-politiet som opplyser om fredagens kontroll, som altså førte til elleve førelegg. Åtte av dei var for fart, to for mobilbruk og eitt for trimming av lett motorsykkel.

– Vedkommande fekk òg utskrive ein kontrollsettel, og må visa fram køyretøyet for kontroll, skriv politibetjent Brosvik til Marsteinen.