Før Hordfast kan kryssa Bjørnafjorden, må veganlegget kryssa ein såkalla boreonemoral regnskog, med fleire artar som er sjeldne. Illustrasjonsfoto: Statens vegvesen.
Før Hordfast kan kryssa Bjørnafjorden, må veganlegget kryssa ein såkalla boreonemoral regnskog, med fleire artar som er sjeldne. Illustrasjonsfoto: Statens vegvesen.

Uro rundt naturverdiar og Hordfast på Tysnes

Ein ny rapport om naturmangfald i planområdet for E39 Stord-Os, vekkjer uro blant naturvernarar om naturverdiar og bygginga av Hordfast på Tysnes.

Den nye rapporten viser ifylgje Bergens Tidende at det i området rundt Bårdsundet på Rekstern er oppdaga naturverdiar som ikkje er med i kartlegginga Vegvesenet tidlegare har gjort i samband med ny E39 i området. Naturvernarar meiner difor avgjerda til regjeringa for to år sidan om den statlege kommunedelplanen for E29 mellom Stord og Os, er teken på mangelfullt grunnlag.

Naturvernaren og hytteeigaren Jan Rivenæs fortel til avisa at han sjølv har oppdaga fleire sjeldne artar i området som blir omtalt ein boreonemoral regnskog. Dette er sårbare område som det ifylgje avisa berre finst nokre få liknande av i Sunnhordland, og der det lever fleire sjeldne artar som landet er plikta til å ta vare på.

Rivenæs har mellom anna funne ein sjeldan augnestikkar som gjorde at delar av E39 på Os måtte leggjast om.

Planleggingsleiaren til Vegvesenet for E39 Stord- Os, Ellen Slinde, ser ikkje bort frå at bygginga av den nye motorvegen kan påverka regnskogen. Ho meiner likevel at den nye naturmangfaldsrapporten gjer at Vegvesenet får eit betre kunnskapsgrunnlag og kan gjera nødvendige tilpassingar.

Naturvernaren Jan Rivenæs, som også er medlem av interessegruppa «Bevar Bårdsundet» – fryktar likevel at ei eventuell justering av den nye motorvegen – som no er inne i Nasjonal transportplan, ikkje er nok til å redda det sjeldne regnskogområdet på Tysnes. Han har heller ikkje noko tru på eventuell løysing med økonomisk kompensasjon slik Vegvesenet snart skal leggja fram ei utgreiing om.