Berre nokre minuttar roleg padling frå Sveholmen ligg ei vik godt skjerma for vinden. Perfekt for trening.
Berre nokre minuttar roleg padling frå Sveholmen ligg ei vik godt skjerma for vinden. Perfekt for trening.

Frivillige på øyane:

Ta di åre fatt

Å utforska det våte element i kajakk vert stadig meir populært her til lands. Havstril padleklubb vart stifta i 2006, og surfar no på ei bylgje av entusiasme og medlemsvekst.

Med frisk bris i hekken skyt den fjorten fot store jolla mi fart over dønningane på Horgefjorden, med kursen mot Sveholmen. På veg inn mot kai kjem det nokre skapningar i fargesterke drakter gåande mot bygningen som står på holmen. Her har Havstril padleklubb rigga seg til med klubbhus, og fått ein kontrakt som sikrar kontinuitet i lang tid framover.

– Me har ein avtale som strekkjer seg over 40 år, og basen fungerer som hand i hanske til det me driv med. Her har me mellom anna 17 kajakkar på lager, seier leiar i klubben Trond Hagenes i det underteikna klyv opp på kaien.

Det strøymer på med folk for i dag skal det haldast eit introduksjonskurs på fire timar, og etter gjennomført kurs får deltakarane registrert eitt våttkort hos Norges padleforbund (NPF). For å få leiga padleutstyr rundt om i landet krev dei fleste aktørane eit slikt bevis, og NPF har skrive ut nær 200 000 slike.

– Det er greitt å ha på bilferie i heimlandet. Plutselig får du bruk for det, smiler deltakar Trond Østervold venleg.

Spente kursdeltakarar gjer seg kjende med farkosten dei har fått utdelt. Kring halvparten av gjengen er i kajakk for fyrste gong.

Som ei dongeribukse

Dei tolv kommande havstrilane er kjapt i gang med å få på seg tørrdraktene som heng på rekkje og rad i garderoben, og med litt rettleiing frå den andre kursleiaren for dagen, Ingunn Berge Vik, kjem plagga på til slutt. Låtten sit laust i gruppa, og deltakarane får eitt rett så optimistisk syn på tilværet når sola bryt skylaget med full kraft.

– Det var skoa fyrst ja, ler Mirek Cibulec og må starta prosessen på nytt.

Han har aldri vore i ein kajakk før, og fekk openberringa om bord på danskebåten.

– Eg sat og såg ut vindauga då eg fekk augo på nokre små farkostar som seig roleg i open sjø. Synet gav meg ei kjensle av ro, og ein sterk trong til å prøva. No er eg her, seier han oppglødd.

Det er klart for tørrtrening, og dei fem meter og tretti centimeter lange havkajakkane vert henta frå lageret og plasserte på kaien. Leiar Trond erklærer seg optimist til det motsette er bevist, og byrjar kurset med ein allegori.

– Ein kajakk er som ei dongeribukse. Nokre har meir volum enn andre, og for å finna ein storleik som passar lyt du ta omsyn til høgd, vekt og kroppsfasong, forklarar han.

Deltakarane vert raskt tildelt kvar sitt bananforma framkomstmiddel, og på få straksar smit dei seg oppi.

Mirek Cibulec får endeleg kjenna på å gli sakte bortetter vassflata i kajakk. Klubbhuset kan sjåast i bakgrunnen.

Godt utstyr

Konsentrasjonen i gruppa er total, men før dei kan sjøsetta kajakken og oppleva å gli roleg i vatnet forbi svaberg, strender og gjennom tronge sund, er ein innføring i padleteknikken naudsynt.

– I Noreg er årane forma slik at det er naturleg å halda fast grep med venstrehanda. Det er berre oss og skottane som har det slik, og dette stammar attende frå då oppdagar og polfarar Fritjof Nansen importerte feil type årar, ler Hagenes lett.

For å kunna skapa mest mogleg effektiv framdrift er det viktig å få i gang kjernemuskulaturen.

– Det er ikkje armane som skal driva deg fram i vatnet. Då blir det fort tungt. Mest mogleg symmetrisk grep og god kroppsrotasjon er det me ynskjer å få til, seier leiaren og syner at armar og årer fungerer best saman dersom olbogane står i 90 grader og dannar eit rektangel.

Tørrtreninga er over, og kjapt vert 14 kajakkar flytta bort i stranda. Det er stor fjøre denne kvelden og god plass til å prøva og feila. Hagenes syner korleis ein sjøsett ein kajakk frå strand, og dei lærevillige glir éin etter ein ut på sjøen.

– Desse havkajakkane er av høg kvalitet, og har ei form som gjer det lettare å styra med bruk av kroppsvekta. Prisen per stykk ligg på kring 35 000 kroner, fortel Ingunn Berge Vik og skubbar frå land med åra.

Leiar Trond Hagenes har god kontakt med kursdeltakarane, og fangar interessa med humor og gode kunnskapar.

Koronavenleg aktivitet

Medlemstalet og aktiviteten i klubben har gått litt i bylgjedalar, dei 15 åra klubben har eksistert, men no er interessa for kajakk merkbart større enn for berre nokre år sidan.

– Dette er ein perfekt hobby som er koronavenleg, og med større fokus på å feriera i Noreg har mange fått augo opp for sporten vår. Det er veldig gledeleg, og allereie om fjorten dagar er det planlagd endå eit introduksjonskurs. Me har eit ynskje om å nå ut til den yngre garde og i samarbeid med Storebø skule kjem sjuandeklassen på dagstur til Sveholmen. Ei jente meinte at dagen i kajakk var det kjekkaste ho hadde vore med på i tida på barneskulen. Slikt varmar naturlegvis, og i starten av skuleferien skal me ha med oss 15 ungdommar i tre dagar, som er eit gratis tilbod, fortel Hagenes før han forsvinn i høg fart, legg seg ut på vika med åra loddrett og ventar på at deltakarane skal komma etter for å få vidare instruksar.

Dei ferske padlarane ser ut til å få god flyt med det same. På sjøen er det sett opp bøyer som dannar ein trekant, og smila blir større for kvar runde som vert tilbakelagt.

Magnus Våge (11) er yngste deltakar på introduksjonskurset.

Mestringkjensle

– Kva er fokuset til Havstril framover?

Me har hatt litt for få aktivitetsleiarar i klubben i forhold til medlemstalet, men det ordnar seg no når ein av dei største ressursane våre, turleiar André Hole, snart flyttar frå Voss til Austevoll. Me treng aktivitetsleiarar for å halda årane i gang, og i vår tok fleire av medlemmane våre teknikk-kurs som er nivået under aktivitetsleiar. I sommar har me noko som heiter Padleturar i Austevoll, som er ein app-basert utforsking av Austevoll. Det er sett opp 30 punkt som du kan padla til, og registrera turen når du er på staden. På hausten arrangerer me ein fest der me deler ut premier til alle, og litt gildare priser til dei med flest turar. Eit spanande prosjekt som er på trappene er samarbeid med dei blinde og svaksynte i kommunen for at dei skal få høvet til å prøva seg på bøljan blå. I tillegg har me fast torsdagspadling, ivrar Trond frå kajakken.

– Kvifor tilrår du andre å prøva seg i ein kajakk?

– Mestringskjensle, kjem det kontant.

– Det å vera tett på naturen, og ha eit verktøy til å utforska øyane med. I tillegg er dette rein mentalhygiene. Ein skal ikkje padla langt før ein kjem til eit lite urørt paradis. For meg som leiar er det spesielt artig å sjå glimtet i auga til medlemmane når dei får teknikken til å sitja, og berre nyt roen og augneblinken, seier han før han manar deltakarane til å danna ei rekkje. Med ein kursleiar i front og ein bak på halen slyngar gruppa seg mellom nokre skjær og forsvinn bak eit nes, og berre låtten kan høyrast.

 

Trond Hagenes er redaktør i Marsteinen, men har ikkje delteke i det redaksjonelle arbeidet med denne saka.

Havstril padleklubb

 

  • Stifta 2006
  • Leiar Trond Hagenes
  • 165 medlemmar (2020)
  • Fast torsdagspadling
  • havstrilpadleklubb.com og fjesboka
  • Arrangerer mellom anna introduksjonskurs, teknikk-kurs og fellesturar
  • Medlem av Norges padleforbund