Håvard Singelstad er tilsett som ny administerande direktør i Austevoll kraftlag. Foto: Pressemelding, Austevoll kraftlag.
Håvard Singelstad er tilsett som ny administerande direktør i Austevoll kraftlag. Foto: Pressemelding, Austevoll kraftlag.

PRESSEMELDING: Kraftlaget har tilsett ny dagleg leiar

I ei pressemelding kunngjer Austevoll kraftlag at Håvard Sigelstad er tilsett som ny dagleg leiar. Han kjem frå Haugaland kraft, der han har hatt stillinga som fungerande seksjonsleiar.

Det er med stor glede at me kan meddela at styret i Austevoll Kraftlag har tilsett Håvard Singelstad som ny dagleg leiar i selskapet, heiter det i pressemeldinga.

Håvard Singelstad har lang og brei erfaring frå kraftbransjen. Han kjem frå stillinga som fungerande seksjonsleiar i Haugaland Kraft Nett AS og inngår i leiargruppa i selskapet. Før det var han everksjef i Fitjar Kraftlag SA, og han har hatt fleire stillingar i SKL AS. Han er utdanna sivilingeniør innan elektrisk energiteknikk får NTNU.

Håvard Singelstad skal ha rolla som dagleg leiar i alle Austevoll kraftlag sine selskap som dei eig 100 prosent, og ha det totale ansvaret for konsernets drift og vidare utvikling.

Styreleiar Olav O. Østervold seier i pressemeldinga at han er nøgd med at Håvard Singelstad har takka ja til jobben som dagleg leiar.

– Håvard framstår som ein engasjert og drivande leiar, og er med sin breie erfaring innan ulike roller i kraftbransjen, svært godt kvalifisert for jobben. Styret i Austevoll Kraftlag ser fram til å få med Håvard på dei viktige arbeidsoppgåvene selskapet har framover, seier styreleiar Olav O. Østervold i same melding.

Håvard Singelstad ser fram til å tiltre i denne utfordrande og spennande stillinga.

– Det er med stor respekt eg har takka ja til denne stillinga, og eg ser fram til å leia denne viktige lokale verksemda som er heilt sentral for Austevoll og lokalsamfunnet si utvikling. Verksemda har hatt ei god og framoverretta leiing og det er dette arbeidet me skal forsetja. Verksemda er, har vore og vil bli ei viktig brikke for utvikling og «det grøne skiftet» i lokalsamfunnet i Austevoll, seier Singelstad.

Håvard Singelstad vil tiltre seinast 1 oktober 2021.

Austevoll kraftlag SA er eit energi og kommunikasjonsselskap. Verksemda omfatter bygging og drift av infrastruktur samt sal av energi og telekomprodukt. Produkta konsernet tilbyr er straum, telefoni, fiberbasert breiband og tv. Kraftlaget har og ansvar for utbygging, drift og vedlikehald av Austevoll Vatn og Avløp sine anlegg. I tillegg er kraftlaget største eigar av IKT-verksemda EBRU Technologies.