Manglande representasjon av fiskarar og salslag er årsaka til at Norges Fiskarlag meiner at fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H), må ta grep og utvide sjømat-utvalet, som vart utnemnt tysdag. Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK
Manglande representasjon av fiskarar og salslag er årsaka til at Norges Fiskarlag meiner at fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H), må ta grep og utvide sjømat-utvalet, som vart utnemnt tysdag. Foto: Fredrik Hagen / NTB / NPK

Norges Fiskarlag reagerer på nytt sjømat-utval

Leiaren i Norges Fiskarlag reagerer på at verken fiskarar eller salslag er representerte i utvalet som skal gi råd om sjømatprodukt i Noreg.

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) må utvide utvalet som tysdag vart utnemnt for å gi råd om sjømatprodukt i Noreg, meiner leiar Kjell Ingebrigtsen i Fiskarlaget.

– Fiskarane er tilgodesett å vere referansegruppedeltakarar. Dette gir ikkje eit godt grunnlag for eit heilskapleg råd som dekkjer heile verdikjeda, meiner Ingebrigtsen.

Han påpeikar at flåten og salslaga speler ei viktig rolle i all omsetning av fisk i Noreg

– Eg vil derfor seie at utvalet manglar legitimitet når både dei som er hovudleverandørar av råstoffet, og dessutan representantar for omsetningsleddet, heller ikkje er representert, seier Ingebrigtsen.

Utvalet skal gi råd om korleis det kan leggjast til rette for at meir av fisken som blir fiska i Noreg, også blir omarbeidd her, korleis det kan leggjast til rette for grøn omstilling, og at sjømatindustrien skaper fleire heilårlege arbeidsplassar, ifølgje regjeringa.

Utvalet skal levere tilrådingane sine innan 1. november 2021.