Vidar Rabben frå Fjord Maritime saman med Cathrine Gravdal og Nina Stangeland (til venstre). Foto: Silje Katrine Robinson
Vidar Rabben frå Fjord Maritime saman med Cathrine Gravdal og Nina Stangeland (til venstre). Foto: Silje Katrine Robinson

Stort utbytte av opplæringsprogram

Marius Sylta er utdanna økonom og arbeider ved Sekkingstad sitt anlegg på Skaganeset. Gjennom seafood trainee-programmet har han fått meir av næringa under huda. Med på kjøpet fekk han smakfulle opplevingar på øyane våre.

Med fullført bachelorgrad i dokumentmappa fekk Marius Sylta jobb hos Sekkingstad på Sotra. Byguten var han lite kjent med moglegheitene oppdrettsnæringa gav, i skjergarden nokre frå nautiske mil utanfor stovedøra hans, då han valde yrkesvegen.

– Eg skulle ynskja at eg fekk vita meir om dette tidlegare. Det var heilt tilfeldig at eg fekk jobb i næringa, seier Sylta som er takksam for å få vera med på næringsalliansen NCE Seafood Innovation sitt traineeprogram. Der er òg austevollske aktørar, som Fjord Maritime og Hordafôr, medlemsverksemder. Sist veke krona gjengen med unge spirer frå havbruksnæringa samlingane sine med avslutting i Austevoll.

Ei god gruppe med ganske ferske tilsette i sjømatnæringa om bord i «Slaatterøy». Frå venstre: Andreas Yddal, Cathrine Gravdal, Tellef Solberg, Carl H.B. Haukås, Simen Stien, Solveig Klyve, Kristian Nordlie, Eskil Mossige Kjølstad, Marius Sylta, Andreas Grevstad, Julie Brommeland Fluge, Markus Grevstad, Iselin L Møllerstuen, Sofie Erdal Kjeldsand, Amalie Eide, Kristoffer Kämpe, Asle Halstensen, Anne Helen Tolås, Sofie Dreyer, Maren Bøe, Kaja Margrethe Moe, Synnøve Skjervheim Bernes og Nina Stangeland. Foto: Silje Katrine Robinson

Frå «Slaatterøy» til leppefisk

Sylta fortel at pandemien har sett avgrensingar for opplegget han hadde meldt seg på. Mellom anna vart det mindre reising. Likevel håpar han at dei får tur til Island, der han meiner dei gjer ein god del innovativt arbeid innanfor oppdrett og fiskeri.

– Me hadde den fyrste samlinga vår ved Solstrand-hotellet på Os, deretter to digitale samlingar før me kom til Austevoll, seier Sylta. Han legg til at opplegget har ført han saman med ei særs inspirerande gruppe unge menneske frå næringa, med ulike faglege bakgrunnar. Biologar, fiskehelseveterinærar, marknadsførarar, økonomar som han sjølv og andre utdanningar.

– Å knyta desse kontaktane er kjekt og nyttig. Og sjølv om eg no er økonom, er det ikkje sikkert eg alltid vil arbeida med det, seier den unge bergensaren.

Austevoll står fram som ei naturleg blå klynge, og dermed fekk deltakarane vera med og sjå alt frå hypermoderne ringnótbåtar, besøkja oppdrettsanlegg, til kva havforskarane på Sauganeset arbeider med.

– Eg hadde inga aning om standarden om bord i ein moderne fiskebåt. Det slo meg då skipper Asle Halstensen viste oss «Slaatterøy», at fasilitetane godt kan samanliknast med eit hotell.

Vidar Rabben frå Fjord Maritime hadde òg eit innlegg på samlinga. Verksemda til Rabben satsar på grøne løysingar for næringa, som elektrifisering av fôrflåtar og fokus på å redusera klimaavtrykket på anlegga.

På Sauganeset viste senioringeniør mellom andre Reidun Bjelland deltakarane leppefisk som dei forsøkjer å læra opp til å bli betre luseetarar. I ein artikkel på forskning.no fortel forskar Samantha Bui at det er veldig langt frå studien deira til at funna kan brukast i næringa, men at dei så langt har funne ut at berggylta faktisk kan lærast opp til å bli betre lusebeitarar på oppdrettsfisken.

Marius Sylta. Foto: Privat.

Godord om øyane

Austevolling Nina Stangeland er dagleg leiar i innovasjonsklynga NCE Seafood Innovation, og har saman med administrasjonssjef Cathrine Gravdal lagt til rette for besøket i Austevoll. Sylta er full av godord om opplegget og rettar ein særleg takk til duoen.

– Og så fekk me bu på Bekkjarvik gjestgiveri. No veit eg ikkje om Arnt og Ørjan Johannessen var på kjøkenet då me var der, men maten me fekk servert var rett og slett fantastisk, skryt han.

Seafood trainee er eit nasjonalt, leiande trainee-program for nyutdanna med bachelor- eller mastergrad innanfor ulike fagområde som biologi, teknologi, fiskehelse, havbruk, økonomi, samfunnsvitskap, marknadsføring og juss, skriv NCE Seafood Innovation i ei pressemelding. Programmet er etablert utfrå næringa sine behov (klynga sine partnarar og medlemmar) for å auka talentattraksjon og kompetanse på tvers av næringa mot unge, nyutdanna menneske. Programmet kombinerer ein jobb i sjømatnæringa med eit akademisk program på tolv dager, spreidd over fire moduler.

Reidun Bjelland fekk visa traineeane om forsking om korleis leppefisk kan lærast opp til å bli betre luseetarar. Her i samtale med Julie Brommedal Fluge og Sofie Erdal Kjeldsand. Foto: Silje Katrine Robinson

– Det er eit konstant behov for å tiltrekkja seg dei beste kandidatane og talenta for å støtta den berekraftige utviklinga me ser i sjømatnæringa. Seafood trainee-programmet er ein eineståande moglegheit for unge talent å byggja nettverk og kompetanse på tvers av næringa. Samstundes som selskapa som ynskjer traineear får tilgang til svært gode kandidatar, og traineeane blir ein del av eit program over eit år som gjev dei ein unik heilskapsforståing og innsikt i sjømatnæringa, seier Nina Stangeland i pressemeldinga. Årets deltakarar kom frå Lerøy-konsernet, Kontali Analyse, Coast Seafood, BioMar, Sekkingstad, NCE Seafood Innovation, Cargill, Bolaks, Ryfish, WSENSE og Norges Sjømatråd.