– Dette handlar om ei næring i rivande utvikling. Eitt mål er å få forvaltninga oppdatert med det næringa driv med. Det skjer ei utruleg utvikling både på offshore-havbruk, landbasert havbruk og i det kystnære havbruket, seier fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H), til NTB.
Han seier at havbruksstrategien skal leggjast fram «før sommaren». Strategien skal ta for seg tilgangen til fôrressursar, areal, infrastruktur, løyvesystemet og digitalisering.
Det er berre fem år sidan regjeringa fremja og fekk vedteke ei havbruksmelding i Stortinget. Denne gongen er det ein strategi som skal fremjast. Den skal ikkje Stortinget behandla.
– Det er tidshorisonten som avgjer det. Ei stortingsmelding vil ta tid. Men det vil òg vere aktuelt å forankra enkelte ting i Stortinget. Det er ikkje noko nytt at ei regjering legg fram strategiar. I realiteten er det neppe så store forskjellar i oppfatninga av korleis ein skal føre næringa vidare, seier statsråden.
Fiskeripolitisk talsperson i Arbeidarpartiet Cecilie Myrseth er kritisk til at det kjem fleire utgreiingar, men få konkrete tiltak i arbeidet med ein strategi som blir lagd fram når som helst.
– Me har ein fiskeriminister som set i gang strategiarbeid på speed. Det kjem lite tiltak og mykje utgreiingsarbeid. Det går veldig i ring med lite ynskje om politisk forankring av det ein gjer. Næringa treng at det som blir foreslått, blir reell politikk. Då må ein komma til Stortinget med det. Men det vil ikkje fiskeriministeren i det meste han held på med, seier Myrseth.
Ho kan ikkje sjå at det er andre enn Odd Emil Ingebrigtsen som har hastverk.
– Spørsmålet er kven det hastar for. Ein fiskeriminister på oppseiing eller ei næring som treng langsiktig perspektiv og føreseielege forhold, seier Myrseth.
Ei arbeidsgruppe la 1. juni fram ei innstilling for forenklingar i regelverket for havbruksnæringa.
– Næringa sjølv synest det har vorte for komplisert å retta seg etter mange ulike offentlege styresmakter, seier Ingebrigtsen.
Han bad om ti innspel frå arbeidsgruppa og fekk fjorten forslag tilbake. Forslaget som toppa lista, handla om å laga ein felles digital portal for informasjon, rapportering og kommunikasjon mellom styresmaktene og næringa.
Eit anna forslag er å styrkja Fiskeridirektoratet, slik at det får ansvaret for å koordinere dei ulike forvaltningsorgana som har med havbruksnæringa å gjere.
Arbeidsgruppa foreslår at direktoratet byter namn til Sjømatdirektoratet eller Fiskeridirektoratet. Denne innstillinga har vorte tolka dit at ein ønskjer eit eige departement for fiskeriministeren, som i dag deler departement med næringsministeren.
– Dette er eit litt større spørsmål og eit stort lerret å bleikja. Det er ikkje nødvendigvis slik at ein ny offentleg instans fører til forenklingar. Me ser etter lågthengande frukter for forenkling av næringa, seier Odd Emil Ingebrigtsen.