615D4919-D99A-4CE0-B4F8-2419509D2AF7

Hytte brann ned på Indreholmen

SISTE: Brannen er under kontroll og dei evakuerte får snart retunera til heimane sine.

– No går det nokre timar med sløkking, før me startar etterslokkingsarbeidet, seier Bjånesøy til Marsteinen.

Då politiet kom til Indreholmen var bygningen, ei hytte, overtent. Brannmannskapet var raskt på staden og fekk hindra at brannen fekk spreia seg.

– Det var store flammar og masse røyk då me kom til brannstaden, kort tid etter at me fekk melding om brannen. I tillegg hadde terrenget på nordsida teke fyr, seier politibetjent Freddy Brosvik til Marsteinen.

Politiet gjekk i gang med evakuering med det same, og ordna med ein møteplass sør om brannstaden. 50-60 personar blei evakuerte.

– Det var litt kaotisk i starten, men no byrjar me å få kontroll. Politiet si oppgåve er å halda oversikt over situasjonen, for så å gå over i ein etterforskingsfase, held han fram.

Ingen personar i hytta

Brannsjef Hans Petter Bjånesøy kan fortelja at det ikkje er folk i hytta, og at dei har fått kontakt med eigaren.

– Det fyrste me gjorde var å laga ein brannmur mot dei næraste bygga. Dei står tett innpå, men no er det ikkje lenger fare for at dei skal byrja å brenna. No går det nokre timar med sløkking, før me startar etterslokkingsarbeidet, seier Bjånesøy til Marsteinen.

– Dei evakuerte får straks returnera for no er det minimalt med røyk, sier Bjånesøy.