Samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) er klar med planen for halvering av ferjetakstane innan 2025. Regjeringa set av 120 millionar kroner til ferjesambanda i revidert nasjonalbudsjett for å sikre ein reduksjon i takstane på 10 prosent allereie 2. halvår i år. Foto: Torstein Bøe / NTB / NPK
Oslo 20210506. Samferdselsminister, Knut Arild Hareide (KrF). Foto: Torstein Bøe / NTB

Kuttar ferjeprisane 10 prosent i revidert nasjonalbudsjett, regjeringa lovar halvering innan 2025

Regjeringa lovar 120 millionar kroner til reduserte ferjeprisar i forslaget til revidert nasjonalbudsjett for 2021. Innan 2025 skal prisane halverast.

– Me har gode nyheiter, ikkje minst for Distrikts-Noreg, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF) til NTB.

Saman med distriktsminister Linda Hofstad Helleland (H) og klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) er han no klar til å avduka regjeringsplanen for halvering av ferjeprisane.

Planen har to trinn:

* I forslaget til revidert nasjonalbudsjett set regjeringa av 120 millionar kroner til å redusere ferjetakstane i 2. halvår i år. Av dette skal 55 millionar gå til fylkesvegferjene og 65 millionar til riksvegferjene. Løyvinga skal sikre eit priskutt på 10 prosent.

* Dei neste åra skal kutta halde fram med 10 prosentpoeng per år fram til 2025. Då er prisnivået halvert.

Fylka bestemmer

Kostnaden for eit kutt på 10 prosent er 240 millionar 2021-kroner når reduksjonen får effekt heile året.

Det betyr at ei halvering vil koste staten anslagsvis 1,2 milliardar kroner per år.

Men Hareide kan ikkje garantere at takstane vil bli kutta like mykje på alle ferjer. På fylkesvegsambanda blir det opp til fylka sjølv å bestemme.

– Me legg pengane på bordet. Så må vi sjå korleis dei lokale prioriteringane er på dette, seier Hareide.

Han påpeikar at det òg varierer frå fylke til fylke kor mykje prisane har auka dei siste åra.

Krav frå opposisjonen

Ferjeplanen kjem som svar på ei bestilling frå opposisjonspartia på Stortinget.

Det heile byrja med at Arbeidarpartiet i januar la fram eit valløfte å halvera ferjeprisane. Det utløyste ein kraftig bodkrig i opposisjonen der Framstegspartiet gjekk lengst med eit løfte om gratis ferjer på sikt.

Konklusjonen vart eit vedtak i Stortinget i februar som ein samla opposisjon stilte seg bak. Der vart regjeringa beden om å komme tilbake i revidert nasjonalbudsjett med forlag til reduserte takstar allereie i 2021 og ein forpliktande plan for halvering av takstane.

Dei tre regjeringspartia stemde alle imot forslaget. Helleland er likevel sterkt usamd i at det er opposisjonen som har drive fram halveringa.

– Det er me som sit med ansvaret no. Og me har jobba mykje med å få ned prisane, seier ho.

Ferjeopprør

Helleland og Hareide fekk det såkalla ferjeopprøret rett i fanget då dei tiltredde i januar i fjor.

Noko av det første dei gjorde som statsrådar, var derfor å reise til Møre og Romsdal for å møte ferjependlarar. Den gong kunne dei ikkje love kutt i prisane.

Hareide meiner det er enkelt for opposisjonen å krevje kutt.

– Den vanskelege jobben er å få det inn i dei årlege budsjetta og få følgt det opp, seier han.

– Men eg har stor tru på at når regjeringa no har gjort den jobben, så kjem me ikkje til å mislykkast med dette.

Autopass og elferjer

Det er spesielt to faktorar som har drive prisane oppover dei siste åra. Det eine er innføringa av betaling med Autopass, det andre er overgangen til elferjer.

– Det er eigentleg heilt ekstraordinært, det vi no gjer. I 2015 fanst det éi batterielektrisk ferje. No har vi 70, og vi fasar inn fleire fortløpande, seier klima- og miljøministeren.

Men omlegginga har kosta.

– For dei som tek ferjer mykje, og som pendlar, så betyr det veldig mykje kva prisen er, seier Rotevatn.

– Når vi no legg til rette for at prisen kan gå ned 10 prosent allereie i år, så går det rett inn i familieøkonomien til folk.

Fakta om ferjeplanen til regjeringa

* I forslaget til revidert nasjonalbudsjett for 2021 løyver regjeringa 120 millionar kroner til reduksjon i ferjeprisar. Dette skal leggje til rette for eit priskutt på 10 prosent i 2. halvår.

* Av dei 120 millionar kronene skal 55 millionar gå til fylkesvegsamband og 65 millionar til riksvegsamband.

* Regjeringa foreslår i tillegg å senke beløpet for forskotsbetaling til Autopass frå 3.700 kroner til 3.000 kroner. Forskotsbetaling gir 50 prosent rabatt.

* Ferjetakstane skal ifølgje regjeringsplanen reduserast vidare med 10 prosentpoeng i året ut kommande stortingsperiode, slik at prisnivået blir halvert innan 2025.