Cecelia Vaage og Lars Heine Njåstad i Stolmen vel kan vera stolte av det dei har fått på den gamle grendaskulen. Utan at dei vil kvila på noko lauvbær av den grunn.
Cecelia Vaage og Lars Heine Njåstad i Stolmen vel kan vera stolte av det dei har fått på den gamle grendaskulen. Utan at dei vil kvila på noko lauvbær av den grunn.

Frivillige på øyane:

Held liv i bygda

Tidsskiljet for stolmabuen kom med brua i 1998. Over tjue år seinare arbeider Stolmen vel målretta for å generera turisme, og skapa trivsel i lokalsamfunnet.

Utsikta frå Stolmabrua gjev ei kjensle av fridom der den nakne naturen og det flate landskapet strekk seg ut mot havet. På Stangeland står skulehuset omringa av gamle steingardar med sikt mot det populære turmålet Globen.

– Taket på den nye delen av skulen var pill råte, og måtte leggjast heilt på nytt. Me tenkte berekraftig og fekk montert solcellepanel med støtte frå Enova. På klåre dagar kan dei produsera 10 kilowatt. Det me ikkje nyttar av straum sel me til Kraftlaget, seier Lars Heine Njåstad med stor entusiasme.

Han gjekk alle barneskuleåra på den vesle grendaskulen, har vore aktiv i foreininga i ti år, og er no styreleiar i Stolmen vel. Det gode humøret hans er rett så smittande, der han ler og forklarar om ein annan. Inn på tunet kjem styremedlem Cecelia Vaage trillande på ei barnevogn. Oppi ligg ein månad gamle Harald som skal veksa opp på Stolmen. Lite anar han kor mykje dagens stolmarar ynskjer å leggja til rette for sosialt samvær og aktivitet.

– Det er mykje positivt som skjer på Stolmen no, og eg håpar at fleire småbarnsfamiliar ser at øya kan vera ein fin stad å busetta seg. Eg gjekk dei to fyrste åra på barneskulen her, før me vart flytta til Selbjørn. Det er stas å sjå at bygget er blitt levande att, og det er herleg å høyra barn og unge grisla på i klatreparken, seier Cecelia oppglødd.

Lars Heine nikkar og syner veg inn i kjellaren.

– Aktiviteten og innsatsviljen er stor. Me har vore aktive for å få folk til å registrera seg på grasrotandelen til Norsk tipping. Det har ført til at me får om lag 130 000 kroner kvart år. Me søkjer om støtte til prosjekta styret går inn for å realisera, og resten av kapitalen genererer stolmaren sjølv med å arrangera mellom anna årlege basarar og høgdepunktet, fiskefestivalen. Eitt år var det over 250 påmeldte til fiskekonkurransen, ivrar han.

Alle besøkjande på Stolmen kan nytta toalettet på gamle Stolmen skule. Betaling skjer enkelt med kort.

Påskehare og påskekylling

Kjellaren er reservert til ungdomen, og her skal dei få boltra seg nesten utan hemningar.

– Me bestemte at pengane me fekk for salet av ungdomshuset skulle gå uavkorta til å laga lokale til ein ungdomsklubb. Dei skal få ta seg ut, men me set sjølvsagt krav til god orden og åtferd. Det er stor interesse for dataspeling, og dei arrangerer eigne turneringar, smiler Cecelia og peikar på ein gigantisk skjerm på veggen.

På veg opp trappene vil Lars Heine visa straummålaren til solcellepanela.

– Akkurat no står målaren på 5,6 kilowatt. Stolmaren er framtidsretta ser du, ler han hjarteleg.

Inngangspartiet ser flott og nytt ut. Lyssettinga er mild, og det heile inviterer til sosialt samvær. På toalettet har dei brukt rakved på eine veggen.

– Det er ikkje mangel på gode idèar her ute, men det er viktig å ikkje gapa over for mykje, sånn at me slit oss ut, fortel styreleiaren

Den gamle preikestolen som står i entréen vart brukt som kamerastativ under den årlege basaren som gjekk av stabelen i påska, og utloddinga gjekk føre seg i ei direktesending på fjesboka. I snitt var det 90 einingar som hadde kopla seg på for å fylgja trekninga.

– Me omsette for 20 prosent meir i år enn den tidlegare rekorden. Det var eit fantastisk engasjement. Bente Kari Sletten Taranger og Hege Johansen kledde seg ut som påskekylling og påskekhare, og filma seg sjølve i full utkledning for å reklamera for basaren, fortel Cecelia med lått.

Eit treningsstudio i gamle Stolmen er på plass.

Klør i fingrane

Me går frå rom til rom, og det er imponerande å sjå kor mykje dei har fått til. Her finn du eit romsleg og godt utstyrt treningsstudio som dei malte i fjor. Kjøkenet fekk nytt innhald for fem år sidan, og er sett opp etter krav frå Mattilsynet.

– Etter at me pussa opp kjøkenet og den gamle gymnastikksalen har bruken av huset auka kraftig. Me har dekketøy til 100 personar, og med gode fasilitetar er det blitt ein fryd å arrangera festlege lag her. Ingenting av dette hadde vore mogleg om ikkje stolmaren klødde så heise i fingrane etter å få ting gjort. Eg vil takka alle som stiller opp med det dei kan bidra med. Arbeidet er av stor verdi for heile samfunnet, seier Lars Heine audmjukt.

Styret tel ti personar og det er stor aktivitet på den interne fjesboksida deira.

– Eitt av måla til Stolmen vel er å skapa samhald mellom generasjonane. Det er ein god miks av aldrar på dugnadane, og det er viktig at ungdomen lærer seg at ingenting ikkje skjer av seg sjølv. Fiskefestivalen er til dømes heilt avhengig av at den yngre generasjonen stiller opp, fortel Lars Heine på veg ut av skulehuset.

Tørrskodd til Såto

Utanfor er det kome ein klatrepark. Han ligg fint til på flat mark med trær som gjev livd rundt.

– Me fekk i stand dette i to trinn. For to år sidan klargjorde me området, og i fjor drenerte me bakken samstundes som det blei montert ein zipline og bygd ein gapahuk. Til sikring har me nytta fiskenøter. Dette er eit prosjekt me har saman med Stolmen helselag, og som me vil utvikla vidare, forklarar Cecelia.

Lars Heine er full av energi, og funderer om han skal hiva seg på kroken som er festa til metallvaieren for ein luftig tur mellom trea. Han let det bli med tanken.

No vil foreininga retta blikket mot naturen og vidareutvikla uteområdet og turstiane.

– Me vil vera relevante, og er opptekne av lytta til folk sine ynskjer. Det kjem betre skilting, og me ynskjer at besøkjande til turløypene skal parkera med skulen. For 20 kroner kan du nytta toalettfasilitetane her og samstundes støtta Stolmen vel, seier Lars Heine.

Turen til Globen er populær, og ein gong kom det ei dame i rullestol heilt i frå Oslo einsærend for å rulla seg opp.

– Slike historier og gode attendemeldingar generelt, er som vitamininnsprøyting for oss som står i arbeidet, held han fram.

I sommar skal dei i gang med å utbetra turstien til Såto heilt vest på øya, og når prosjektet står ferdig skal du kunna gå tørrskodd heile vegen.

– Me vil ha fleire ut i havgapet. Det er mange fine vågar vest på øya, og på sikt skal me betra tilkomsten til desse plassane. I oppveksten var me mykje å utforska her, og det er minner eg har med meg for livet, konstaterer Cecelia.

Dei to eldsjelene kunne ha preika om Stolmen i mange timar, men kvardagen kallar.

– Me keiar oss ikkje for å seia det sånn. Det er eit brennande ynskje om at ikkje lokalsamfunnet skal døy ut, og då lyt me stå på, smiler dei før me skil lag.