Senterpartiet meiner regjeringa må gripa inn for å sikra betre ferjer i Austevoll. Illustrasjonsfoto: Trond Hagenes
Senterpartiet meiner regjeringa må gripa inn for å sikra betre ferjer i Austevoll. Illustrasjonsfoto: Trond Hagenes

Lesarbrev:

Uromelding til Samferdselsdepartementet

Austevoll har over svært lang tid hatt dårlegare ferjetilbod enn det trafikkmengda skulle tilseia,  kommunen er den mest folkerike i Norge utan fastlandstilknyting. Hufthamar – Krokeide er det største fylkesvegferjesambandet i Vestland, men har langt frå det beste rutetilbodet. Husavik – Sandvikvåg har òg dårlegare rutetilbod, enn strekningar ein kan samanlikna med. Austevoll er ein av to kommunar i «Hordaland» utan fastlandsforbindelse. Det finnes ikkje alternative køyreruter, ferja er vegen vår.

Austevoll kommune ved ordførar Morten Storebø, tinga derfor i 2015 Helge Hopen-rapporten, som stadfestar dette. Denne rapporten er vedlagt. Karsten Eriksen (elektrikar), Terje van der Meeren (havforskar), Austevoll SP og andre parti har òg arbeidd med dokumentasjon av dette. Hordaland fylkeskommune og no Vestland fylkeskommune har fått mengder av innspel om saka, frå politikarar og næringsliv. Viser til vedlegget frå BT i 2017. Viser også til https://hufthamar.no/ferjer-og-samferdsle-for-austevoll/ der ein liten del av saksdokumenta ligg. Må òg leggja til at sidan 2007 har ein gitt mange innspel om prisar på snøggbåt som varierer med opptil 400 prosent per kilometer, utan at noko vert gjort.

Det er beklageleg at me må senda bekymringsmelding, men naudsynt. Det må snarast lagast statlege retningslinjer for drift av ferjer, der ein tek omsyn til trafikkmengd og om eit samband er landfast eller ikkje. Det å laga objektive kriterium for ferjer og hurtigbåt burde ikkje vore vanskeleg og få til. Me veit at ferjetilbodet er eit fylkeskommunalt ansvar, men staten må gje retningslinjer også for fylkeskommunale samband, slik staten tidlegare har gjort for riksvegferjene i Nasjonal transportplan. Ein kan ikkje forvalta eit budsjett på fleire milliardar utan retningslinjer.

Næringslivet i Austevoll har ikkje same moglegheit til og utvikla seg vidare, som næringslivet i omkringliggjande kommunar. Dei fleste av kommunane rundt oss var tidlegare avhengige av ferjer, no er dette berre Austevoll igjen som ikkje er landfast av kommunane rundt oss. Vegen vår ut av kommunen stengjer 22:35, og er til direkte hinder for nye investeringar og nye arbeidsplassar. Austevoll laksepakkeri må ha ein siste avgang 01:00 frå Hufthamar for å investera for ein halv milliard og auka produksjonen sin frå kr. 1 750 000 000.- til det tredoble. Me veit no om konkurrerande verksemd i regionen som er i ferd med å investera 400 millionar i eit øysamfunn med landfast forbindelse. Næringslivet i  Austevoll kan ikkje gjera dette, på grunn av ein manglande ferjeavgang og same regularitet i helgane som kvardagane. Me ber om at fyrste ferja går frå Hufthamar 05:55 med siste avgang frå Hufthamar kl. 01:00, og to ferjer i drift kvar dag heile året. Austevoll laksepakkeri må ha ein siste avgang 01:00 frå Hufthamar. I situasjonen AS Norge er i no, treng me meir verdiskaping og nye arbeidsplassar.

Det me ber om er eit likeverdig ferjetilbod som eit anna og landfast samband i fylket har i dag, dei har om lag halvparten av trafikken til sambandet Hufthamar-Krokeide. Austevoll er ikkje landfast og har ikkje alternative køyreruter, slik dette landfaste sambandet har. Eit anna samband med nærleik til den nyleg bygde Hardangerbrua, går med 3 500 tomme ferjer i året og er nattope (2018-tal)! HFK og no Vestland fylkeskommune skuldar på dårleg økonomi – korleis er dette mogleg? Ferjetilbodet må vera best der det er mest trafikk, og der ein i tillegg ikkje er landfast. Austevoll stengjer i dag 22:35, ut av kommunen.

Austevoll har vore urettvist behandla i altfor mange år i denne saka, me forventar derfor at Samferdselsdepartementet straks tar tak i  denne bekymringsmeldinga, og får slutt på denne uretten snarast. Eit minstekrav er at ein er i gang  med nye og rettferdige ferjeruter, basert på objektive kriterium, frå 1. januar 2022. Ein må også snarast ordna opp i prisar for hurtigbåt.

Viser også til: https://hufthamar.no/ferjer-og-samferdsle-for-austevoll/

For Senterpartiet i Austevoll.

Tore Hufthammer