Både båtbransjen og Båtforbundet trur på ein ny, stor båtsommar også i år. På bildet går båtane går tett gjennom det tronge sundet Kreppa i Langåresund mellom Langøy og Gumøy i Kragerøs skjergard. Foto: Geir Olsen / NTB / NPK
Både båtbransjen og Båtforbundet trur på ein ny, stor båtsommar også i år. På bildet går båtane går tett gjennom det tronge sundet Kreppa i Langåresund mellom Langøy og Gumøy i Kragerøs skjergard. Foto: Geir Olsen / NTB / NPK

Trur på norsk båtsommar i år òg

Båtsommaren i fjor vart ein av dei beste nokosinne, både for båtfolket, båtbransjen og norsk reiseliv. Mykje tyder på at historia gjentek seg i år.

Ein stor del av båtbransjen ser tilbake på 2020 som eitt av dei beste åra på lenge.

Koronatiltaka og oppmodinga om å ta ferien i Noreg førte til at salet av nye båtar auka med 15 prosent og bruktbåtsalet dobla seg.

I fjor førte koronatiltaka til mange stengde gjestehamner og ein treg start på båtsesongen, men deretter tok det heilt av.

– Heilt ellevilt

– I fjor vart båtmarknaden omtalt som heilt ellevill fordi tilbodet i lita grad matcha etterspurnaden. Etterspurnaden vart enorm sidan nordmenn gradvis innsåg at dei måtte halde seg heime i sommarferien, seier dagleg leiar Magnus Frøshaug Ryhjell i bransjeorganisasjonen Norboat til NTB.

Dette førte til at bruktbåtar vart selde lynraskt, medan salet av nye båtar også gjekk unna i rekordfart. Men koronapandemien førte òg til stengde eller delvis stengde båtfabrikkar, noko som gjorde at forhandlarane ikkje fekk tak i nok båtar. Mange får dermed båten dei kjøpte i fjor, levert i år.

Beheldt båten

Det mange var spente på i fjor haust, var om det ville komme mange brukte båtar til sals frå dei som kjøpte båt som ei mellombels løysing på våren.

– Denne «bølgja» kom aldri, noko vi tek som eit positivt signal, seier han, og meiner det betyr at mange fekk smaken på båtlivet og har halde på båten dei kjøpte i fjor.

Båtforbundet glade, men bekymra

Generalsekretær Stig Hvide Smith i Kongelig Norsk Båtforbund (KNBF) trur det vil bli mykje merksemd rundt båtlivet også i år, ikkje minst fordi NRK skal TV-segle langs kysten med Statsraad Lehmkuhl.

– Det var jo ein stor auke i båtsalet i fjor, og eg trur det held fram i år, og at me kan vente oss endå fleire båtar på sjøen, seier han til NTB.

I fjor døydde 20 personar i fritidsbåtulykker i Noreg, medan snittet dei siste ti åra har vore 29. Nedgangen kom trass den rekordarta båtsommaren.

– Me er svært opptekne av å leggja til rette for båtfolket, og vi jobbar mykje med tryggleik og informasjon. Det gler oss derfor at det ser ut som om det haldningsskapande arbeidet gir resultat, seier Hvide Smith.

Mangla redningsvest

Men han peikar på at av dei 20 dødsulykkene skjedde ti medan båten låg stille, og nesten halvparten hadde ikkje godkjend redningsvest på seg.

– Det er frykteleg leitt, og det er så veldig unødvendig at liv går tapt fordi ein ikkje har teke ansvar og forstått alvoret. Viss ein fyrst hamnar i vatnet, hjelper det ikkje å kunna symja når kuldesjokket set inn. Det er kaldt i sjøen i Noreg, seier han.

I fjor var det også fleire båtskadar og høgare erstatningar enn nokon gong før, viser tal frå Finans Norge. Så mange som 13.500 båtskadar vart melde inn, 25 prosent fleire enn året før.

Manglande ferdigheiter

Stig Hvide Smith meiner mykje av dette kjem av manglande grunnleggjande ferdigheiter og peikar på at sjølv om teoridelen av båtførarprøva er god, så manglar den praktiske opplæringa. Båtforbundet ivrar derfor for å få innført ei praktisk prøve i tillegg.

– Det å køyra båt er ikkje det same som å køyrabil. Det er ein heilt annan måte å manøvrera på. Ein må òg setja seg inn i korleis vind og vêr saman med sjø og straum verkar inn på ein båt, seier Hvide Smith.

Til slutt understrekar han at båtfolk generelt er hyggjelege og hjelper til, og at det ikkje er flautt å be andre båtfolk om hjelp denne sommaren.