Det vart teke beslag i to førarkort og skrive to forenkla førelegg under fartskontrollen på Haugland onsdag. Arkivfoto.
Det vart teke beslag i to førarkort og skrive to forenkla førelegg under fartskontrollen på Haugland onsdag. Arkivfoto.

To mista førarkortet

Med fart målt til 96 og 91 kilometer i timen i 60- sona, vart to bilførarar fråtekne førarkortet og melde til politiet fartskontroll onsdag. Politiet var ute i samband med Nasjonal kontrollveke.

På to timar før lunsj onsdag, vart det teke beslag i to førarkort og det vart skrive to forenkla førelegg i tillegg. Politibetjent Freddy Brosvik opplyser at kontrollen fann stad i 60-sona ved Haugland.

– Den høgaste farten me målte var på 96 kilometer i timen. Den andre målte me til 91 kilometer i timen. Begge førarane fekk førarkorta beslaglagde på staden og er melde til politiet, seier betjenten til Marsteinen. I tillegg vart det skrive ut to forenkla førelegg-

Brosvik fortel at Nasjonal kontrollveke er retta inn mot å redusera den høge farten i trafikken, som er ein av det viktigaste årsakene til at det oppstår ulukker i trafikken.

– Kampanjen held fram, og me tek sikte på å få gjennomført fleire fartskontrollar denne veka, avsluttar politibetjent Brosvik.