Brynjar Stautland jobbar med å få Geopark-stempel frå Unesco til regionen vår. Og han meiner at Møkster kanskje har Sunnhordlands mest interessante sundagstur.
Brynjar Stautland jobbar med å få Geopark-stempel frå Unesco til regionen vår. Og han meiner at Møkster kanskje har Sunnhordlands mest interessante sundagstur.

Sunnhordlands beste sundagstur

Kva får du viss du blandar synsinntrykka frå Skansen med geologi er til å opna gluggene vidopne av? Regionen sin kanskje mest interessante og lettvandra tur – og eit sterkt kort på vegen til Unesco-status.

Bergknaustane på Røyrvikeskaget ligg reinvaska. Nordvesten gjev knallharde forhold for jord og vekstar heilt ytst i Møkstrafjorden. Løftar du blikket, minnar det mykje om den høgt elska Skansen lenger nord. Men det er ikkje den vanlege gneisen eller granitten som rår grunnen me trør på: Det er ei salig geologisk suppe av leire, sand og kalk som vart kokt saman til marmor – av varierande kvalitet – sør for ekvator for nesten 500 millionar år sidan. Og det me trør på er strengt teke ein del av Amerika.

– Jau, dette var mykje meir interessant enn eg rekna med. Det må vera Sunnhordlands beste sundagstur, seier Brynjar Stautland. Han er prosjektleiar i Geopark Sunnhordland, med mål om at regionen vår kan smykka seg med global geoparkstatus frå Unesco.

Stautland har snørt saman dei oransje lissene i turstøvlane sine, kledd seg i koksgrå oljehyra frå Sunnmøre og raud ullhue for jomfruturen sin til Møkster. Marsteinen sin utsende har på si side vandra her før, like etter at ekteparet Sunde hadde sett ut informasjonstavler om den rett så unike geologien på øya.

Villsauen er noko du nesten garantert får med deg på turen, men denne går på heimebøen før sjølve turen startar.

Kontinentaldrift

Tidslinene er vanskelege å ta innover seg. At det gamle kontinentet Laurentia, som no er Nord-Amerika og Grønland, barka saman med Baltika i Iapetushavet og bygde opp ei fjellkjede like høg som Himalaya. Under føtene våre ser me faldar av gamal havbotn, som minner om vasstrekt, gamalt papir. Innsprengt i denne sedimentære og ureine marmoren, som du elles kan sjå mellom anna på holmane i retning Litlakalsøy, finn du årer av granitt.

– Desse vart skotne opp frå magmakammer som eksploderte under havbotnen då han vart pressa ned i jordskorpa ute i Iapetushavet då kontinenta seig mot einannan. Eg måtte kontakta geologane me brukar i ekspertgruppa vår for å stadfesta at det er eksplosjonar slik me oppfattar det, eller prosessar som tek tusenvis av år slik det meste anna i geologien, smiler Stautland. Sjølv er han utdanna lærar, har vore dokumentarfilmskapar og berre sidan 2010 sysla med geologi.

– Det var eruptive eksplosjonar, heilt motsett den sakte og «venlege» vulkanismen me ser på Island nett no, det var snakk om. Magmakammer som slynga glødande granitt opp i havbotnen av leire, sand og kalk.

Illustrasjon over korleis Møkster-geologien vart tid, der den gamle havbotnen vart utsett for eksplosjonar frå jorda sitt indre. Illustrasjon: Håkon Fossen, UiB

Medan granitten er ein ganske hard bergart, er den gamle havbotnen med tre milliardar år gamle mineral, litt mjukare. Og mykje, mykje eldre enn det meste av berggrunnen elles i Noreg. At den er mjukare har ført til at den eroderer raskare enn granitten, og gjev seg utslag i at me med litt fantasi ser for oss ryggsøyla til ein stegosaurus, der naturen har vore skulptør.

– Her på Røyrvikeskaget og på Svinakalven har me geologi av internasjonalt format, seier Stautland, medan nordavinden tek tak i vengjene til ein av måsane som flaksar forbi oss. Nordsjøen frådar på berget under oss, og lenger mot nord har me gått forbi tidevassdammar med marmor som potensielt badekar. Det einaste som manglar er 20 gradar ekstra på gradestokken, og ei piknikkorg med assortert utval.

– Her kan ein gå i bad som dei gamle romarane, smilte Stautland då me passerte.

Turløypa er merka med nennsam hand, er lett å gå om du ikkje har for mjuke sålar. Informasjonstavlene som stod i fleire delar av løypa er enten teken hand om av vêrgudane eller tekne inn for vinteren. Berre der det er livd, står dei fine tavlene til Sunde støtt attende.

Viktig næring

Geopark Sunnhordland har altså alliert seg med den fremste ekspertisen i landet når det gjeld geologi og arkeologi i området vårt. Spørsmålet som har måtte svarast på har vore om området vårt er interessant nok til at det kan søkjast om global geopark-status. Svaret frå fagfolka er eit ja, noko som kan gje vind i segla for reiselivet vårt.

– Sunnhordland har kanskje mangla eit klart og tydeleg argument for kvifor turistar skal stoppa hos oss. Ein geopark med Unesco-stempel kan endra på dette, meiner Stautland. Vega, som ligg på Nordlandskysten, fekk i fjor 35 000 besøkjande til verdsarvsenteret sitt, medan museum som Moster amfi, Steinparken i Rosendal og Sunnhordland museum til saman fekk 20 000, forklarar Stautland.

– UNESCO-søknaden fokuserer på Sunnhordlands 10 000-årige bergverkshistorie på    bergarter som grønstein, ryolitt, kleber, marmor, klorittskifer, kis, gull og granitt. Det er dette som er så spesielt at det kvalifiserer oss til den høgthengande tittelen. Så må me bruka denne tittelen som reklameplakat for at det er verdt å reisa hit, og laga produkt ut av geo-arven som kan nyttast i reiselivsnæringa. Og det gjeld ikkje berre stein, men korleis landskap og berggrunn har sett preg på mat, båtar, industri, kultur, arkitektur, flora og fauna. Lubbesild og villsau er produkt av vårt landskap. Alt dette tek me for gitt, men dette er kuriøst for andre, og materiale for produkt som kan brukast i reisleivsnæringane våre, meiner Stautland.

Så kjem sjølvsagt Hespriholmen sine nesten 6000 år med bergdrift inn i biletet. Her henta steinaldermennesket grønstein til økser, økser som vart identitetsmerket for klanen som levde mellom Lista i sør og Sognefjorden i nord. Me har sjølve hatt bergdrift fleire stadar i Austevoll, mellom anna marmoruttak ved Salthella.

– Den sunnhordlandske marmoren enda mellom anna opp i dansknorske koloniar i Karibia. Danskekongen hadde monopol på marmorhandelen, fortel formidlaren frå Bømlo.

I tillegg er mange av bygningane i Bergen reist av sunnhordlandsk stein, mellom anna Kjøttbasaren, dei fleste steinkyrkjene og Nonneseter kloster. Også granittblokkene i Bryggen er av sunnhordlandsgranitt. Jernbanestasjonen er bygd med austevollsk stein. Sjølve har me bidrege med fundamentet til Michelsen-statuen, som gjerne kan krydrast med anekdoten som førte ei steinblokk under sildestimen ved Austevollbrua i 2007, nær 100 år etter at ein ulukkeleg steinhoggar tok eitt slag for kjært med hammaren på meiselen sin. Sidan stod arbeidsulukka i steinbrotet på Seiholmen til ålmenn lått og løye.

– Bergdrifta var ei viktigare næring i Sunnhordland heilt opp til vår eiga tid, seier Stautland. Han har på si side aktiv lisens på gullgraving på Bømlo, eit kapittel fagbokforfattaren og programskaparen i han hogg seg fast i frå 1999. Han har òg skrive bok på Samlaget og produsert eit fjernsynsprogram om sildefisket i regionen vår. Det førte han mellom anna i intervju med basen Henry Kolbeinshavn og reiarane Hallvard Bertin Birkeland og Inge Halstensen. Sistnemde sin skulestil frå ungdomsskulen var ein lett veg inn i næringa på 1950-talet.

– Det var ei stor hjelp: Ei kjapp innføring i ei næring og historie som min familie ikkje hadde hatt særleg befatning med.

Gullgravarane

Då han vaks opp på Rubbestadneset, var gullgruvene på Lykling sjeldan tema. Då det vart grave etter gull, samla det arbeidarar frå fjerne strøk. Det vart fyll og fest og lausungar. Det vart truleg eit kapittel i ein relativt streng bømlakultur som ein ikkje skrytte av oppetter 1900-talet.

– Eg tenkte mest på gullgruvene som kuriøse, og ei historie som det undra meg at ikkje var betre teken vare på og fortald.

Seinare fekk han brev frå historikar i Ghana, som hadde kontakt med familien til gruvesjefen, som hadde drege rett frå Bømlo til den afrikanske bushen. Rett nok døydde historikaren i prosessen, men sjølv enda Stautland på den britiske kanaløya Guernsey.

– I denne familien snakka dei om Bømlo som «a golden memory», i kontrast til bømlingane sjølv som helst let den gå i gløymeboka. I familien hadde dei fotografi, brev, teikningar, namn og anekdotar som gjorde at me kunne fortelja ein rikare historie, seier Stautland, som fortalde dette kapittelet i Haugesunds avis og deretter i boka «Gullgravarane på Lykling».

Elles vart den staselege direktørbustaden i empirestil i si tid flytta frå Bømlo til Stord, der han enno står i all sin prakt.

Gruvehistorikken i Bømlo vart i 2014 presentert i Steinriket Bømlo, som saman med Steinparken i Rosendal gav grunnlag for prosjektet Geopark Sunnhordland, drive fram av Samarbeidsrådet i Sunnhordland. Og den 10 000 årige bergverkshistorikken frå nordsida av Hardangerfjorden, samt dei store istidsformasjonane på sørsida, er temaene i geoparken som sender søknaden til UNESCO Global Geoparks i oktober.

– Røyrvikeskaget er ein rein geologilokalitet utan konsekvens for kulturen, men den er likefullt av så spesiell art at Møkster vil stå att som ein av dei viktigaste lokalitetane i søknaden vår til Unesco, avsluttar Stautland.