Ron Cressy (i midten) på eit postkort han sende til mora like før jul i 1939.
Ron Cressy (i midten) på eit postkort han sende til mora like før jul i 1939.

Ronald Cressy (1912 – 1941)

3. juni 1942 stod det å lesa i ei britisk avis om navigatør Ronald Cressy, som vart heidra av befolkninga på ei aude øy.

Marion Biles er niesa til Ronald Cressy. Ho hugsar onkelen fyrst og fremst grunna lidenskapen hans, som var å halda brevduer.

– Eg var berre fire-fem år gamal då onkel vart skoten ned, men eg hugsar at kvar gong me høyrde eit fly, storma me utanfor huset vårt og vinka til det – det kunne jo vera onkel Ron, seier Marion 70 år seinare.

Ho hugsar godt då bestemora fekk telegrammet om at sonen var sakna.

– Ho vart kvit som eit laken då ho leste det, og svima av, kan Marion fortelja.

I avisutklyppet frå juni 1942 står det å lesa om gravferda i Austevoll: Heidringa av flygarane i denne nasjonen under den tyske nazihælen, er spesielt viktig så tyskarane med vilje hadde velt denne avsidesliggjande øya, i frykt for at det skulle bli eit høve for å visa norsk solidaritet med tyskarane. Men nyhende lak ut, og store mengder båtar kryssa over til den aude øya, og då tyskarane kom med kistene, vart dei himmelfalne då dei såg alle menneska som ville heidra dei britiske flygarane.

Ronald Cressy arbeidde i Lloyds Bank i Exeter frå han var ferdig med skulen i 1928.