To norske flygarar i Storbritannia. Flygarane er ikkje namngitte. Fotografen er ukjend. Arkivverket/Riksarkivet/NTBs krigsarkiv
To norske flygarar i Storbritannia. Flygarane er ikkje namngitte. Fotografen er ukjend. Arkivverket/Riksarkivet/NTBs krigsarkiv

No kan du lesa kva norske pilotar rapporterte etter flytokt under krigen

På digitalarkivet.no kan du no finna over sytti rapportar skrivne av norske krigsflygarar etter tokt langs norskekysten under andre verdskrigen. I rapportane står detaljerte omtaler, teikningar og foto frå angrep på tyske ubåtar, skip og fly ei rekke stader langs kysten i Noreg.

– Dette er ein unik dokumentasjon av norsk krigsdramatikk, seier Øyvind Ødegaard, fagdirektør i Arkivverket, i ei pressemelding.

Nærmare sytti historiske rapportar frå norske krigsflygarar er for fyrste gong gjort tilgjengelege for allmenta på nett på digitalarkivet.no.

Under krigen opererte norske flygarar i Storbritannia med tokt på norskekysten. Eininga vart kalla 333-skvadronen, og hadde i oppdrag å patruljera over Norskehavet, Nordsjøen og langs norskekysten. Skvadronen vart formelt oppretta i mai 1943, med base i Skottland.

Innan krigen var over, skal Mosquito-flya til skvadronen ha senka to og skada sju tyske ubåtar, øydelagd 18 og skada fem tyske fly og dessutan skada ei rekke skip. Skvadronen mista 23 fly og hadde 29 falne, skriv Arkivverket.

– Alle som ein gjekk dei inn i dette med viten om at deira siste time kanskje låg framfor dei. Heltemotet flygarane utviste, og tapstala dei hadde, er hjerteskjerande, seier Ødegaard.

Rapportane blir publiserte dagen før Arkivverket 9. april slepper ei rekordstor mengde stoff frå andre verdskrigen. Over 300.000 dokumentsider, personregister, fotografi, dagbøker og brev frå okkupasjonstida blir 9. april gjort tilgjengelege på arkivverket sine nettsider.