Illustrasjonsfoto: Kirsten Offerdal l /NPK
Illustrasjonsfoto: Kirsten Offerdal l /NPK

Millionar til fysisk aktivitet og friluftsliv på Vestlandet

Vestland fylkeskommune har fordelt midlar som skal gjea det lettare for innbyggjarane å vere fysisk aktive og å bruka friluftslivet i fylket.

Hovudutval for kultur, idrett og integrering har fordelt 2 millionar kroner til lågterskel fysisk aktivitet for barn og ungdom og 2,5 millionar til friluftsaktivitet.

Vestland idrettskrets får til saman over 1,1 million kroner til ulike prosjekt. Blant anna skal 170.000 kroner gå til aktivitetstilbod for barn og unge med særskilde behov, og 150.000 kroner til sommarferieaktivitetar rundt om i fylket.

Bergen og Hordaland Turlag får til saman 470 .000 kroner til blant anna klatretilbod og kvardagsturar. Sogn og Fjordane Skikrins får 100.000 kroner til Utedagen 2021, og Sogn og Fjordane Orienteringskrins får 30.000 kroner til nærmiljøkart.

– Målet er å støtta tiltak som gjer at fleire barn og unge i fylket er fysisk aktive kvar dag. Me håpar mange av tiltaka kan vera med og jamne ut sosiale skilnadar, auka livskvaliteten til barn og unge og bidra til både inkludering og integrering, seier Stian Davies, leiar for hovudutval for kultur, idrett og integrering i ei pressemelding.

Dei 2,5 millionane til friluftsaktivitet blir fordelte mellom blant andre orienteringslag, turlag, idrettslag, friluftsråd og andre frivillige organisasjonar.

Mellom anna får Havstril padleklubb i Austevoll 30.000 kroner til eit prosjekt om padling for blinde og svaksynte, og Luster turlag får 10.000 kroner til inkluderande aktivitet. I tillegg får KFUK-KFUM i Sogn og Fjordane 90.000 kroner til prosjektet Samskaping for inkluderande aktivitetar i Sunnfjord.

– Gjennom desse tildelingane håpar vi å bidra til at fleire får naturopplevingar, til sosial utjamning og til ei positiv utvikling i folkehelsa. Lågterskel aktivitet i naturen er eit godt verkemiddel for å fremje både folkehelsa og for å gjere det enklare for folk å vere fysisk aktive nær der dei bur, seier Davies.

<p>(©NPK)</p>

kari.hamre@npk.no