Brannvesenet meiner å ha kontroll på lyngbrannen, som starta fleire hundre meter frå den lokale barnehagen.
Brannvesenet meiner å ha kontroll på lyngbrannen, som starta fleire hundre meter frå den lokale barnehagen.

Oppdatering: Lyngbrann nær Melingen sløkt

Brannsjef Hans Petter Bjånesøy stadfestar at brannen ved Melingen vart sløkt etter planen. I ettermiddag har dei to personar som held oversikt over området for å sjå til at brannen ikkje blussar opp att.

Det var i 11-tida fredag brannstyrkene rykka ut på lyngbrannen, som ligg nokre hundremeter ut frå husa i Melingen og Makkhamn i sørvestleg retning.

– Me har god tid på oss for å få stogga brannen, sa sjefen sjølv, Hans-Petter Bjånesøy, som hadde slagplanen for å stogga flammane klar. Det er sendt ut gult farevarsel for skogbrann i områda våre.

Klokka 12:30 opplyser Bjånesøy at dei har laga tre barrikader for brannen, som dei så langt berre har lete brenna.

– Me tenkjer me tek han når han har brent over nokre haugar her. Det er ikkje noko umiddelbar fare for bygningar i nærleiken. Det er iu så fall mange timar før flammane når dit, dessutan er vinden på vår side, seier han til lokalavisa.

Det var heilt moderat vind mellom tre til sju meter i sekundet, i sør-søraustleg retning i området.

Brannen vart sløkt og fredag ettermiddag har dei to av mannskapet ved området for å sikra at brannen ikkje blussar opp att.