George Webb, skyttar og radiooperatør.
George Webb, skyttar og radiooperatør.

George James William Webb (1915-1941)

Broren til George Webb, Henry, har skrive dette til Marsteinen om korleis han hugsar storebroren sin.

Faren vår døydde brått av lungeinfeksjon då eg berre var fire år gamal. Året var 1929. Me hadde ikkje råd til leiga i huset me budde i lenger, så me flytta inn saman med mormor og morfar, som budde like ved. George var i ferd med å gjera seg ferdig med grunnskulen, og vart lærling hos Great Western Railway, jernbaneselskapet, som heldt til i Slough (aust for London). Systera mi Vim Violet byrja arbeida i ein lokal kjeksfabrikk så snart ho kunne etter skulen. Mor mi to ei stilling hos ei dame med tittel i London – mor hennar hadde vore hushjelp og faren butler – så dette var heilt naturleg for henne.

Då George vaks opp var radioen ei nyvinning. Han var særs interessert og fekk til slutt arbeid i ein lokal fabrikk som lagde radioar. Kvar veke lesta han blada om radio, og han bygde eigen radio til oss heime. Ei av dei fyrste gåvene eg kan hugsa han gav meg, var ein krystallmottakar, der du måtte vri på wiren, og viss du var heldig fekk du høyra radiostasjonen gjennom øyretelefonane til slutt.

Motorsykkel og tennis

Me budde i ei rekkje av tre bustadar, og i den næraste bustaden var det ein annan George. Han og bror min delte lidenskapen for motorsyklar, og kunne bruka mange timar på å vedlikehalda og forbetra doningane sine. Dei var berre kjent som Dei to George-ane av lokalbefolkninga, og var særs nære vener.

Eg hugsar mange sommarkveldar då George tok meg med på motorsykkelen, og me kjørte mile etter mile på smale landsbygdvegar. Det var så eventyrlege og spanande tider.

George var òg medlem av den lokale tennisklubben, og han kunne spela der saman med kjærasten sin, Lydia, i helgane. Det var lukkelege stunder før krigen, då me kunne samlast for te på sundagsettermiddagen.

Trefte tysk fly

Då bror min reiste til luftforsvaret, vart Lydia med i hæren. Ho gifte seg til slutt etter krigen. Bror hennar var sjømann i handelsflåten, og omkom då skipet hans vart torpedert på ein Murmansk-konvoi.

George forlét radiofabrikken og arbeidde for eit lite firma som utførte elektriske reperasjonar på bilar. I 1939 vart han med i luftforsvaret, og melde seg til teneste.

På den aller siste permdagen sin i april 1941 snakka me lenge saman. Eg skulle snart ha eksamen, og han understreka at det var viktig at eg fekk gode resultat. Han fortalde meg òg at dei på ei av dei tidlegare operasjonane sine hadde treft eit tysk fly. Tyskaren hadde skote på dei, og cockpitvindauga vart oversprøyta med olje. Det var siste gangen han kalla meg Følebuster, som var eit namn han gav meg då eg nådde ein alder då eg trengde å barbera meg.

Sakna

Marsteinen nemnde at George skaut framleis då dei krasja. Eg er ikkje overraska, for det var slik bror min var. George gav aldri opp.

Nyhenda om at han var sakna kom som eit enormt sjokk, men me visste alle farane. Me håpa i fleire månadar at han var i live, at han hadde hoppa ut i fallskjerm, og at han enten var i dekning eller krigsfange. Tilslutt fekk me meldinga om han var død. Så kom meldinga frå Raudekrossen om at det hadde vore ein ekstraordinær markering med respekt og motstand mot tyskarane av det norske folk for eit R.A.F.-mannskap som vart skotne ned i april 1941. Sjølv om det ikkje kunne stadfestast at det var George og mannskapet han fauk med, gav det oss litt trøst og gjorde oss litt stolte. Etter alle desse åra har Marsteinen stadfesta at det faktisk var slik det hengde saman.

Austevoll

Eit brev frå den britiske raudekrossen, datert 7. mai 1942, informerte oss om at George vart gravlagd med full militær ære på Storebø gravplass på øya Hufteren, Austevoll, Hordaland, Noreg.

Under krigen kringkasta BBC kvar sundag nasjonalsongane til alle dei tyskokkuperte landa, og for oss var den norske særmerkt.

Etter å ha skrive alle desse små tinga, er minnet om George blitt forsterka hos meg. Han var ein fantastisk  storebror, og tok på sett og vis over rolla som pappa då faren vår døde. Kva saknar eg mest? Det må vera alle åra som vart rivne bort den vårdagen i 1941.

Han var ein rollemodell. Eg vart med i RAF-kadettane som 16-åring, og eg melde meg som frivillig som flymannskap då eg var 17. Eg byrja treninga som pilot i 1944, og vart sendt til ein av dei britiske flygarskulane i USA tidleg i 1945, og var nesten ferdig utdanna då krigen i Den fjerne Austen var ferdig. Me skulle sendast mot Japan, men dei to atombombene stogga alt.

Av Henry Webb

Henry døydde våren 2020.