Julian og Flor er frivillige hos In the Same Boat, og legg stor innsats for dagen i kampen for å rydda etter det som er ei salig suppe av gamle synder og nyare innsig.
Julian og Flor er frivillige hos In the Same Boat, og legg stor innsats for dagen i kampen for å rydda etter det som er ei salig suppe av gamle synder og nyare innsig.

Frå fjerne kystar for å rydda strandsona

Fire sjeler går grundig til verks i den sørvende vika midt på Ystaneset. Her har straum og sørvesten kasta usannsynlege mengder søppel på land. Natalia frå Polen mistar ikkje håpet av den grunn.

Dei søv i seglbåt og jobbar frivillig for å rydda store strekk langs Norskekysten. Trass lange ventelister, er dei berre tre strandryddarar og ein norsk formann som systematisk ryddar den søre landstripa med asymmetriske rullesteinar på Rosseidet, midt på Ystaneset på Stolmen. Med ein krevjande pandemi og avgrensingar i reiseaktiviteten er mange blitt verande på venteliste.

– Me rekrutterer mellom anna frivillige frå nettstaden Work Away. Dessutan nyttar mange vinteren til hundekøyring og blir med oss på våren og sommaren, seier Karl Ruben Gaasø på klingande bergensk. Sjølv vart han arbeidsledig som då covid-bylgja skylde over Noreg, men det gav høve til å reisa nordover i seglbåten han budde i, og bli med og rydda strender. Då organiasjonen hans, In the Same Boat, fekk midlar til å reinska kysten i sør, vart han sendt nedover igjen, med litt ekstra kompetanse i lasterommet sitt.

I fylgje nettsida til Universitetet i Bergen blir havplasten aldri broten heilt ned, men vert sliten ned til mindre plastpartiklar. På same måten som ein stein vert sliten ned til eit sandkorn, vil plasten bli slite ned til mikroplast. I havet blir plasten tilgjengelig for artar som sym eller lever på botnen. Verken mindre organismar eller større dyr klarer å skilja plast frå næring. Bitane av plast blir difor òg konsumert av høgareståande liv i havet, slik som fisk og kval. Slik hamnar plasten i næringskjeda, og på toppen av næringskjeda står menneska, informerer akademikarane. Nettsida estimerer òg at det er så mykje plastikk i havet at me kunne dekka Noreg sitt areal fire gongar om me hadde fått det i land.

Karl Ruben Gaasø er formann og har fått jobben med å organisera strandryddinga i våre område. Men skattar, der finn dei sjeldan i fjøresteinane, seier han.

Trakt for søppel

Frå Sørvika tronar Ystaneset grått og ugjestmildt i nordavindsbrisen, men veit du kva du leitar etter, opnar Rosseidet seg som eit lite grønt smett til Skoltafjorden. Mange stolmarar kallar området hevrøymarka, sidan grunneigarane kjem frå den vesle øya nokre få åretak nord i fjorden. Segnet fortel jamvel at stolmarane tapte Ystaneset i eit pokerslag ein fuktig kveld for nokre hundreår sidan. Området akkurat her vart uansett rydda, og tørrmurane vitnar om eit heilhjarta forsøk på å ordna ny beitemark. Grønt eller ikkje, så vidt me veit vart det aldri busetnad midt på det vêrharde Ystaneset.

Justin frå Bretagne i Frankrike fortel at det vesle arbeidslaget normalt går systematisk til verk på stripene dei ålbogar seg rundt i. Kniv vert nytta til å kutta taustumpar som har kilt seg fast mellom steinar, men det er ei salig suppe som ventar på dei.

– Eg synest likevel ikkje det er deprimerande akkurat her. Stort sett er det større søppel å sjå i denne vika. Ein heilt anna ting er når du er stadar der ein større bit plastikk berre løyser seg opp i mikroplast når du tek i han, seier franskmannen. Han legg til at det store engasjementet hans vart fødd i Lofoten, sjølv om han har hatt eit nært forhold til havet tidlegare. Foreldra hans tok familien med til den franske kysten så snart dei hadde høve til det.

Sist eg sjølv var på telttur på Ystaneset, som er blitt tre år sidan, var det tydeleg at nokon hadde gjort eit skikkeleg forsøk på å rydda stranda, ved å kveika på søppelet dei fann. Enno ligg metallarmering frå nokre kraftige plastrøyr kveilande på stranda. Eitt røyr ligg intakt lenger oppe i stranda. Gamalt utstyr frå fiskeri, mellom anna ei stor trålkule og ei heimesnikra flå med flagg på, er òg blant plasten som er skyld på land.

– Utfordringa med å rydda slike stadar som dette, er at folk vil slita med å få bort søppelet. Det kan me hjelpa til med. Vil De rydda, gje oss melding om kvar søppelet er, så hentar me, seier Karl. Dessutan har dei plass til lokale frivillige òg, det er berre å melda seg. Organisasjonen skal halda på i Austevoll i fleire veker enno, og kjem attende i haust for å ta siste rest: Fuglereservata, der rugande sjøfuglar ikkje skal uroast på denne tida.

Akkurat her må dei nok ta med seg vinkelslipar for å få med seg noko av det tyngste søppelet.

Det er Handelens miljøfond som finansierer strandryddeaksjonen til In the Same Boat. Dermed har dei fått kjøpt utstyr som er veleigna til føremålet. Og seglbåtane deira har plass til ti strandryddarar om bord. Det er heller ikkje berre strendene som skal ryddast, men heile kyststripa. På Selbjørn, der dei har hatt hovudinnsatsen sin så langt, betyr det mykje trasking i ulendt terreng og litt klatring i bergsprekkane.

– Det vert mykje turgåing. I desse bratte områda finn me mindre, men desto meir på stadar som Ålfarevika, seier Karl. Likevel er det ikkje akkurat fjellklatring dei driv med, men fylgjer ei klassifisering i HMS-handboka si.

Om Rosseidet ikkje er kulturlandskap … Her med utsikt nordover mot Skoltafjorden.

Håp for framtida

Flor, som trass det spanskklingande namnet sitt, kjem frå den nederlandske byen Groningen, avslutta bachelorgraden sin i Kristiansand. No brukar ho tida si fram til masterstudiane, som ho skal ta ved universiteta i Roskilde, Malmø og Tromsø, til å trø rundt i fjøresteinane våre.

– I Holland er det berre flatt og diker, og ein heilt anna kyst enn denne, seier den unge nederlendaren, som ser nytten i innsatsen. Mykje er gamalt avfall frå fiskeri, anna er hushaldningsavfall – og store mengder sko i ulike storleikar, seier ho. Marsteinen sin utsending fortel om liknande opplevingar for tre tiår sidan, der drivved og sko og anna avfall gjerne gjorde at ein kunne byrja spekulera på eit forlis, eller laga ein eigen dramaturgi i hovudet sitt når ein kom over ei strand som denne.

Formann Karl seier på si side at dei knapt finn verkelege skattar i fjøra, sjølv om det kan vera blåser, fendrar og anna utstyr vind og uvêr har grafsa med seg. Ingen flaskepostar frå Karibia, med andre ord.

– Nei, flaskeposten me fann på Fedje var skriven på engelsk, men var sendt frå Fedje, smiler han.

Siste strandryddar er polske Natalia. Ho kjem frå innlandet, og har kjæraste i Noreg.

– Verst er det viss me tek i ein gamal taustump, så ser me ei sky av mikroplast når han løyser seg opp. Likevel trur eg at det er ei haldningsendring på veg, seier ho og viser til at mykje av avfallet som er skyld opp i strendene er gamle synder.

– Mykje av hushaldningsavfallet me finn kjem langvegs frå. Eg har jamvel funne polsk emballasjeplast her. Så no gjer eg opp for meg, smiler ho.

Den unge kvinna frå sørvest i Polen, meiner at mykje kan gjerast i kampen mot plastberga.

– Eg har kjenningar i Himalaya som ryddar plast, det same andre stadar i verda. Likevel må me attende til å kutta ut plast der me kan: Til dømes fekk med kjøt pakka inn i papir når me handla hos slaktaren, me fekk mjølk og brus på glasflasker som vart samla inn att, seier ho. Noko av utfordringa er på opplysa om plasten sine skadeverknadar.

– I India ser folk på plasten som eit teikn på modernitet, og vel brus på plastflasker, sjølv om dei kan velja fritt mellom glas og plast. Ein del av jobben er å informera om bruken og unngå at plasten endar i store berg på strendene, seier ho.

Neste mål når Selbjørn er ferdig er å ta skikkeleg fatt her på Stolmen, då skal dei liggja i Kvalvågen, før dei flyttar seg til ein bit av Amerika – altså Møkster – etter det.

I Leirvika, der dei har hatt base så langt, har du fylt opp ein gigantisk konteinar med marin plast og anna søppel: Dei tek med seg metall, målte eller trykkimpregnerte materialar òg.

– Når me er ferdige på Selbjørn, vil begge to vera smikkfulle, seier avsluttar Kalle.

Det ruvar godt, søppelet dei har fjerna frå Selbjørn og op den kjappe turen til Stolmen, der dei set inn hovudinnsatsen om kort tid.