Edmund Hill og Edna Sutton gifta seg 30. september 1940.
Edmund Hill og Edna Sutton gifta seg 30. september 1940.

Edmund Hill (1918-1941): Idrettsmannen som synest Noreg var himmelsk

Å vera bak spakane fekk blodet til å brusa. Edmund Hill var den fødde idrettsmann, og hadde gifta seg med drømmedama si, Edna Sutton. 23-åringen fekk aldri møta dottera si, Ann, som vart fødd i november 1941. Og frå cockpiten sin beundra han Noreg. Der døydde han òg ein vårmorgon for 80 år sidan.

Etter seks månader med intens opplæring bak spakane, konkluderte Edmund Hill med at flying er som ein tonic som flyter gjennom blodårene dine som ein varm vin, så mykje at du dirrar av komfort og er glad, enormt glad for å vera i live. Dette skreiv Edmund Hill hausten 1939. På dette tidspunktet representerte han det britiske flyvåpenet si ære i idrettsverda i greiner som vasspolo, symjing, roing, løping og han vart i tillegg oppmoda til å boksa. Med sine 1,90 på strømpelesten og nærare 100 kilo med musklar, var Edmund ein flott og staut kar.

Edmund vart fødd medan Den fyrste verdskrigen enno vart utkjempa. Faren, Reg, kjempa med 15. Hussars i felten, og Edmund vart fødd i Aldershot, som er ein stor base for den britiske hæren. Då krigen vart vunne, emigrerte familien til Sør-Afrika, og søstera Norma vart fødd der. Ho var berre 17 månader yngre enn eldstemann Edmund. Etterkvart kom fleire til, og familien flytta vidare til Australia, der dei vart verande til midten på 30-talet. Depresjonen som råka landet der sør, var nok grunnen til at familien Hill gjorde sør-afrikanarar av seg igjen. Reg, som i heimlandet var konditor, arbeidde i Bank of South Africa. Mora som opphaveleg var walisisk, arbeidde på kontor.

Fekk vengjene

Same månaden som Hitler invaderte Polen, september 1939, fekk vår mann vengjene sine. Endeleg var han ein retteleg pilot, og knappe to månadar seinare vart han overført til ei nattjagarskvadron på Hendon, nær London. Berre 20 minuttar frå Oxford Circus med tunellbanen. Innimellom slaga fekk flymannskapa 14 dagar fri, og Edmund brukte mykje av tida saman med gode vener som visste korleis ein kunne ha det moro, sjølv som krigen raste på kontinentet.

I februar 1940 vart skvadronen tildelt nye oppgåver, å kartleggja og spora tysk aktivitet i Nordsjøen, heilt til norskekysten. Dei skulle òg beskytta britiske fiskarar, som tidvis vart utsette for åtak frå tyske fly. Dei vart flytta lengre nord på den britiske austkysten.

Langt borte

Samstundes byrja forholdet til unge Edna Sutton, som han møtte på perm i november, å bli seriøst. 10. mai forlova paret seg, og han skreiv brev til mora om at han hadde møtt ei fortryllande, ung jente som nett var fylt 19. Ein liten månad seinare skribla han ned at i ei verd som er vorten galen, er ho særs behageleg og sjarmerande, og som beklagelegvis no er minst 650 britiske miles borte, i Weston-Super-Mare. Han besøkte henne likevel der, truleg i juli.

17. juli skreiv han at skvadrona hans, nummer 248, hadde skote ned fleire tyske ME 110 Messerschmitt Zerstörer.

Edmund likar ikkje Shetland, der skvadronen hans no er stasjonert, særleg godt. Det er goldt og monotont, men han fortalde i eitt av dei mange breva sine at flymannskap ofte byrja dagen med ein dukkert. Eine dagen i Atlanterhavet, neste i Nordsjøen. Det er berre nokre hundre meter som skiljer dei to store hava.

Likte Noreg

Edmund festa mange tankar på papiret i breva han sende til mora. Mellom anna dette: Noreg er ein av dei mest himmelske stadane i verda. Eg vert slått av bygdene og dei isolerte gardsbruka som nordmennene har klart å etablera, overalt der busetnad såvidt er mogleg. Det er nokre gongar vanskeleg å forstå korleis innbyggjarane kan nå husa sine, der dei klorar seg fast på toppen av eit fjell, utan noko form for synleg tilgjenge, og korleis dei klarar å dyrka dei små jordstykka sine, som klamrar seg fast i utrulege vinklar langs fjellsidene. Eg klarar knapt å tenkja på krigen (rask og brå frå lufta) i desse lyse, fredeleg fjordane som biter langt inn i landet, og så opp praktfulle elvar, krystallklare, brune og blå, forbi innsjøar og opp til snøen. Ofte har me uroa den stille skjønnheita når me har gått til åtak på tyske forsyningsskip og liknande.

Shetland

Shetland var ikkje berre elende. Mellom anna skreiv Edmund til faren at shetlendarane ikkje er spesielt glad i sopp, og at han difor tidvis samlar delikatessane og diskar opp kongeleg frukost, supplert med egg og bacon. Den lokale sjøauren forsøkjer han seg òg på, men å vada ut i det kalde havet er ei øving for den med stort tålmod. I same brevet fortel den unge flygaren at han no, i september 1940, har flydd om lag 20 000 britiske mil over okkupert område fordelt på meir enn 100 timar, og at han i prosessen har skote ned tre tyske fly.

Litt seinare på året fekk Edmund ansvaret for halve skvadronen, med graden flight lieutenant, tilsvarande norsk kaptein. Han fortalde mora i Sør-Afrika i brevs form at det er eit stort ansvar, men at han var stolt over tilliten det er å leia dei i kamp. Trass i presset, var Edmund alltid open og sosial, aldri trist eller nedstemt, får Marsteinen vita 71 år seinare av enka hans, Edna. Dei gifta seg klokka 17 den 30. september 1940, og drog på bryllaupsreise til katedralbyen Chester og deretter dei rullande åsane i Wales. Krig framskundar ting – ein å ta for seg av gleda medan ein kan. Det var det eg tenkte, og eg fortalde det til Edna. Ho var samd og eg spurde om ho ville gifta seg med meg – ho sa ja!

Edmund skreiv vidare at arbeidspresset og oppdraga over fientleg område var i ferd meg å gjera han irritabel og med kort lunte. Etter at han gifta seg, endra dette seg. No kjenner eg meg som ein ny mann, med eit annleis og mindre egoistisk syn på livet og andre ting, skriv han før han skrytte over den unge, vakre kona si.

Einsemd

Etter meir enn 200 timar over tyskokkupert territorium, og med helsa i behald, fekk Edmund ein velfortent pust i bakken. I utgangspunktet skulle han trena nye pilotar frå Dyce ved Aberdeen. Edna flytta opp, og saman leigde dei ein liten, møblert bungalow. Han fortel òg i same brevet til mora at han no flyr mykje om natta, og at han ser som ei ugle, ettersom han får små kapslar med A-vitamin før han tek av inn i natta. I seks månadar rekna han med å vera stasjonert ved Aberdeen. Så kom telefonen. Han vart beordra til Shetland igjen, og denne gangen til ein ny skvadron, 254. Dette var ein stor nedtur for den unge mannen, som allereie visste at Edna var gravid.

Berre fem dagar før han vart skoten ned skreiv han nok eit brev til mora. Han etterlyser svar på dei siste fem-seks breva han sjølv har sendt, og høyrest einsam ut. Edmund fortel at han har vore fungerande skvadronleiar i ei veke, og legg til at han vonar at krigen er over før veslebror Bobbie blir 18. Igjen understrekar han kor lukkeleg han er med Edna. Alle offiserane i den gamle skvadronen min sluttar aldri å slå fast at ho er ein av ein million.

Få dagar seinare var Edmund Hill død.

Ettertid

Den 17. april 1941 skriv skvadronleiar H. V. Hoskins til Edna frå R.A.F. Sumburgh: Han kom for kort tid sidan til skvadronen, då eg var på perm. Det gode humøret, motet og motivasjonen som han brukte når han vart stilt overfor ei kvar oppgåve utgjorde ein stor skilnad for resten av flymannskapa. Tapet av han kjenner me djupt. Det er ynsket deira, at eg overbringer deira oppriktige sympati i dette brevet.

I november vart dottera til Edmund og Edna fødd. Ho fekk aldri møta faren, og omtrent samstundes fekk Edna meldinga ho hadde frykta, at Edmund ikkje var krigsfange, men at han vart drepen.

2. juli 1942 sende den britiske raudekrossen brev til Edna og dei andre næraste slektningane til flymannskapet som omkom på Storamyro. Her vert dei fortald om den enorme mobiliseringa kring gravferda av dei tre britane: Kista var dekorert med kransar, og den vanleg norske gravferdseremonien fan stad. Bøner vart lesne for slektningane òg. Dagen var ein praktfull, typisk norsk vårdag med blå himmel og ingen vind, og seremonien hadde vore særs imponerande.»