Denne veka er det 80 år sidan tre unge britar miste livet etter å ha vortne skotne ned over Drønen.
Denne veka er det 80 år sidan tre unge britar miste livet etter å ha vortne skotne ned over Drønen.

80 år sidan nedskytinga over Drønen

Tre unge engelske menn tek av frå flystripa på Shetland i morgontimane 15. april 1941. Nokre få timar seinare styrtar det brennande flyet deira mot Storamyro ved Drønen.

Dei klarar det ikkje. Tyskaren heng på halen som ein klegg. Den britiske flymaskinen er i brann, og pilot Edmund Hill gjer alt han kan for å unngå å styrta i husa på Drøno. Nokre få sekund seinare brasar flyet med tre unge engelskmenn ned i Storamyro. Alle døyr på flekken.

Gravfylgjet, ei massemønstring, fotografert av Rickard Storebø.

Prolog

Sumburgh, Shetland, grytidleg om morgonen 15. april 1941: Fleire av 254. skvadron sinr fly gjer seg klare til å ta av. Blant dei er Bristol Blenheim QY – P. Bak spakene sit Archibald Edmund Hill (23), eller berre Edmund blant vener. Trass i at han er yngst i trioen, har han fått seg mykje flyrøynsle sidan han verva seg for nesten to år sidan. Stege i gradane har han òg. Flying officer, tilsvarande norsk kaptein, er graden hans. Han gifta seg i september med Edna (19) frå Calne i Wiltshire. Ho er gravid, og ventar på han i Dyce like ved Aberdeen, dit han dreg så fort han får sjansen. Ved sidan av han sit navigatør fenrik Ronald Hector Laurence Cressy (29), som etter nokre månadar med sjukdom på våren 1940, som seg i teneste for 254. skvadron for akkurat seks månadar sidan. Han er tidlegare bankmann og den store lidenskapen hans er brevduer. Tredjemann er skyttar og radiooperatør sersjant George James William Webb (26), som kom til skvadronen berre fem dagar før Cressy i august 1940. George er eldst av tre sysken, og overtok nesten rolla som pappa for yngstemann Henry (16) då far deira døydde for tolv år sidan.

Åtte minuttar på seks tek flyet av frå flyplassen heilt sør på Shetland. Basen har fått rykte på seg å vera den mest kummerlege i heile Storbritannia. Pilotar og anna mannskap måtte ei tid bu i telt, og den einaste måten å få seg eit skikkeleg bad, var å ta inn på Sumburgh Head Hotel, eller hoppa badestampen. No er det blitt betre, men lukseriøst er det ikkje. Like ved flystripa ligg Sumburgh Head, klippane som ragar høgt til vêrs frå havets herjingar – på andre sida ligg den vesle landsbyen. Flygarane likar flyplassen lite, men særleg mykje val har dei no ikkje.

I det flyet vårt tek av frå Shetland, er det ikkje utenkjeleg at mannskapet tenkjer på dei kjære der heime. Edmund kanskje på kona si og barnet dei ventar, kanskje George sender lukkeynskje til veslebror Henry som er i ferd med å avslutta grunnskulen.

Bristol Blenheim Mk IV, QY-P med serienummer L 8840. Flyet som vart skote ned over Drøno/Huftarøy 15. april 1941. Teikning: Bengt Stangvik

Flya

Blenheimen vår er på veg rett aust, mot området kring Bergen. Oppdraget går ut på ei kort patrulje langs kyststripa mot Stadlandet. Derav koden «Bert» patrol. Dette var ingen leik for eit fly av denne typen, som allereie var i ferd med å bli gamaldags. Til dømes sleppte venane våre unna med skrekken ein av dei førre turane sine. Det tyske flyet dei trefte fekk inn fleire salvar, og cockpitvindauga vart oversprøyta av olje. Heldigvis tok det ikkje fyr, og dei returnerte til basen.

Prototypen for blenheimen var i lufta i april 1935, og sette fartsrekord for Royal Air Force med 494 kilometer i timen. Vårt fly, med produksjonskoden L 8840 er av modelltypen IV. Vengjespennet er på 17,7 meter, maksvekt med take-off 6 532 kilo, og motorane var to 920 hesterkrefters Mercury XV. Flyet har ei bombe på 454 kilo i buken, vonaleg med eit tysk skip sitt namn skrive på, og to 7,7 millimeter browningmaskingevær i nasen og i skyttarstasjonen på oversida av flykroppen.

Skip som var ein del av transporten av jernmalm frå Narvik til Tyskland og forsyningar til det tyske krigsmaskineriet i Noreg var hovudmåla for 254. skvadron sine raid på norskekysten.

I april 1941 står Storbritannia sørgjeleg åleine i kampen mot overmakta, rett nok har Hitler tilsynelatande gitt opp prosjektet med å invadera Dei britiske øyane, og i staden blikket hans flytta austover. Difor er det slik at tyskarane har ei slagferdig skvadron med Bf 110 Messerschmitt Zerstörer stasjonert på Herdla – eigentleg er dei tiltenk ei frontrolle frå Kirkenes når Operasjon Barbarossa – åtaket på Sovjetunionen vert sett i gang dryge to månadar.

Den tyske flytypen, som er nokolunde på storleik med ein Blenheim, men har langt kraftigare motor og er med ein toppfart på 550 kilometer i timen  – mykje raskare enn det britiske flyet. I tillegg har det to 20 millimeters kanonar og fire 7,92 millimeter maskingevær for luftkamp.

Løytant Brandis skaut ned mellom 14 og 25 allierte fly, før han sjølv omkom i eit uvêr på austfronten i februar 1942. Då var han blitt oberst øytnant. Posthumt vart Brandis tildelt jernkrossen med eikeblad i gull. Foto: Utlånt av Eric Mombeek/www.luftwaffe.de

Konfrontasjonen

Klokka 8:38 går alarmstarten på Herdla, den flate flyplassøya nord for Askøy. Løytnant Felix-Maria Brandis (24) og haleskyttar Matthias Gans er straks på vengjene mot eit mål som vert rapportert nordanfor øya. Etter berre fem minutt i lufta, mottek tyskarane melding om nytt mål, lenger sør.

Om bord i det britiske flyet er mannskapet sjølvsagt på tå hev. Vêret er temmeleg ruskete, og ei og anna regnbyge gjev dei kjærkome skjul mot eventuelle åtakarar. Så går alarmen om bord hos Hill, Cressy og Webb. Dei får auge på det tyske flyet. Rutinert svingar Hill flyet inn i skya att, men må berre konstatera at messerschmitten heng på. Tyskaren skyt med dei fire maskingeværa sine, medan Webb iherdig svarar på elden.

Med eit ilter tysk jagarfly pinefullt nært, må ei ny side frå læreboka opnast. Hill tek flyet opp frå 300 meters høgde til nærare 1000. Flya svingar truleg inn over Austevoll.

Ved Drøno ligg ein tysk vaktbåt. Frå land ser Velinda Hille (16) mannskapet springa iherdig fram og tilbake og gjera klart luftskytset sitt, samstundes som ho og stebroren Konrad (19) høyrer skyting ute i Møkstrafjorden og tek tilhald i kjellaren på huset i Drøno.

Løytant Brandis skaut ned mellom 14 og 25 allierte fly, før han sjølv omkom i eit uvêr på austfronten i februar 1942. Då var han blitt oberst øytnant. Posthumt vart Brandis tildelt jernkrossen med eikeblad i gull. Foto: Utlånt av Eric Mombeek/www.luftwaffe.de

Nedskytinga

Tyskaren Brandis veit akkurat kva han gjer. Ei veke i førevegen fekk han den fyrste luftsigeren sin då han skaut ned ein annan Blenheim frå 254. skvadron. Difor legg han seg heilt oppi det britiske flyet – berre 40-50 meter unna, utan å vera spesielt nervøs for maskingeværet som haleskytar Webb peprar dei med: Rapportane frå andre jagarflypilotar er at kaliberet på browningmaskingæveret ikkje bit på godt bygde tyske fly. No er Hill og mannskapet hans sitt einaste håp er at blenheimen deira kan få stupt bort i ei klassisk unnamanøver. Før dei kjem så lang siktar den tyske løytnanten mot den høgre bensintanken til britane. Denne gongen nyttar Brandis òg 20 millimeterkanonen sin. Straks tek det til å brenna, og med eksplosiv fart spreiar flammane seg vidare til den høgre motoren.

Geogre Webb, skyttaren som skaut til det siste.

Kvifor gjev ikkje Hill, Cressy og Webb opp? Enno har dei tid til å berga seg ut i fallskjerm. Flyet stupar frå Møkstrafjorden mot Drøno, Webb skyt framleis på tyskaren. Velinda Hille og stebroren trur at flyet kjem til å treffa husa til Ole Endresen på øya. Dei er redde.

John Drønen (13) og den yngre broren Sverre var på veg til å mata sauane like før klokka 9. Dei høyrde lyden av skot, og brått var dei to flya rett over hovuda til dei unge gutane.

Med ein brennande motor og ein siste manøver som redda dei sivile husa på Drøno, har blenheimen ikkje nok fart til å halda seg i lufta. Rett over Drønspollen tippar nasa til QY-P mot bakken. Webb fyrer framleis browningen sin i det minst 4 500 kilo aluminium, stål, glas og ammunisjon vert knust mot bakken. Klokka er eitt minutt på ni, 15. april 1941.

Edmund Hill, piloten.

Epilog

Konrad og Harald  Drønen (17) skundar seg og ror over Drønspollen. Så raskt føtene kan bæra dei spring dei mot midten av Storamyra. Folk som har vore på arbeidd i steinbrotet ved Storavika legg i veg den andre vegen.

Velinda Hille fortel 70 år seinare at stebrørne nådde fyrst fram til flyvraket. I den våtaste delen av myra er vrak- og kroppsdelar spreidde. Eit syn som brenn seg fast er underarmen og handa til ein av britane, framleis med hanske på. Konrad og Harald tek av hansken og under er handa enno varm. Rikard Storebø sikra seg papir frå krasjstaden og ein revolver då han raskt kom til staden.

Litt seinare kom tyskarane frå vaktbåten styrtande, og lokalbefolkinga fekk til oppdrag å grava fram levningar, medan ammunisjon enno gjekk av nede i myra. Velinda kom sjølv til staden, og stadfestar det far til John Drønen sa den gongen: At den største kroppsdelen dei fann var ein overkropp, litt av nakken med litt svart, krølla hår på.

21. april vart det lokal gravferd: Det vart ei massemønstring historia ikkje har sett maken til: Mellom 1 000 og 1 500 menneske møtte opp. Rikard Storebø dokumenterte det heile med kameraet sitt, og Nils Heimark hadde skrive dikt med ein schwung som likna Nordahl Grieg.

Ron Cressy, observatør/navigatør.

Denne saka stod fyrst på trykk i Marsteinen, september 2011.

Kjelder:

Dyngvold, Finn: «Våre allierte, Gravferda på Storebø 21. april 1941», Marsteinen torsdag 8. november 1979.

Gunston, Bill: «Aircraft of World War II», Octopus Books Limited, London, 1980

McNeill, Ross: «Royal Air Force Coastal Command Losses of the Second World War», Volume 1, Aircraft and Crew losses 1939-41, Midland Publishing, Hinckley, 2003

Mombeek, Eric: «Eismeerjager Zur Geschicte des Jagdgeschwaders 5 Band 1»

Randall, H. C. «Moths to Mosquitos – The Wartime Diaries of Wing Commandar H- C- Randall, D. F. C», Historic Military Press, Storrington, 2001

Royal Air Force service records, Archibald Edmund Hill, Service Number 42125. Ronald Hector Laurence, Airman Service Number 755425, George James William Webb, Service Number 759059.

Warner, Graham: «The Bristol Blenheim – A Complete History», 2. ugåve, Crecy Publishing Limited, London 2005

Internett:

Aces of the Luftwaffe: Felix-Maria Brandis. http://www.luftwaffe.cz/brandis.html

Commonwealth War Graves Commission. http://www.cwgc.org/debt_of_honour.asp?menuid=14

254 Squadron. https://www2.bc.edu/~emerypa/254/

Etterletne brev Edmund Hill skreiv til mora og faren sin. Brev frå skvadronleiar Hoskins til Edna Hill (no Watson), 17. april 1941

Personleg korrespondanse med Edna Watson, Ann Moate, Marion Biles, og Henry Webb, mai – august 2011.

Munnlege kjelder: Intervju med Velinda Hille, mai 2011,  intervju med John Drønen, mars 2011 og intervju med Bård Drønen august 2011.