312 dosar med vaksinar vert sette denne og neste veke her i Austevoll. Illustrasjon: cemagraphics / iStockphoto.com
312 dosar med vaksinar vert sette denne og neste veke her i Austevoll. Illustrasjon: cemagraphics / iStockphoto.com

150 dosar sette – 162 neste veke

Det vert sette 312 vaksinedosar mot covid-19 denne og neste veke her i Austevoll. Dosemengda kommunen får, avhengjer av alderssamansettinga hos innbyggjarane og smittetrykket.

– Kommunen har sjølv inga påvirkningskraft på verken på talet eller type vaksinar me mottek. Og grunna holdbarheit av Pfizer-vaksinen (fem dagar etter frysekjeden er broten) må og blir alle mottekne vaksiner sett same veke som dei blir mottekne, skriv vaksineringskoordinator Ann Kristin Fagerbakke til Marsteinen. På spørsmål konkretiserer ho at ingen vaksiner er vortne øydelagde eller hatt måtta bli destruerte her lokalt.

– For tida blir ingen dosar prioritert til helsepersonell, der ventar me fortsatt på ei avklaring rundt AstraZeneca. Prioriteringa er sett av FHI, og vert følgd. Me er no starta opp med gruppe 4 (Alder 65-74 år og samtidig personar mellom 18 og 64 år med sjukdomar/tilstandar med høg risiko for alvorleg forlaup). Held i same gruppe neste veke, avsluttar Fagerbakke.