Det er ikkje fullt før det renn over, sa dei i gamledagar. For fiskar Knut Ove Hage om bord i «Slaatterøy» set der ut som den gamle regla framleis gjeld. Sundag kunne skipper Asle Halstensen rapportera inn Noregs så langt største kolmulelast.
– Me kan ta heile kvota på ein tur, og har med det halvert utsleppa våre, samanlikna med dei andre båtane, seier Halstensen. Tidlegare var det avgrensingar i lastekapasiteten på norske ringnótbåtar, fastsett til 2000 kubikkmeter. «Slaatterøy» har på si side 3 430 m3.
Med fint vêr og ein bråte med skip som skulle hala kolmule, tok dei ei stund å få alt opp.
– Det fungerer som eit køsystem. Du må bakerst i køen, og halar vatn i tre-fire timar, så har du fisk under kjølen i 20 minutt. Så er det på an igjen. Lite effektivt fiskeri, seier Asle og skryt over både båt, bruk og ikkje minst mannskapet sitt.
– Dei står verkeleg på og meistrar dette fartøyet. Det er slik me kan levera slike fangstar, avsluttar skipperen. For ordens skuld: Fangsten som vart innrapportert var på 3 500 tonn kolmule.