Karen Marie Mikkelsen og Malin Henningsen i politiet i Austevoll ber deg om å tenkja deg om før du tek nakenbilete av deg sjølv.
Karen Marie Mikkelsen og Malin Henningsen i politiet i Austevoll ber deg om å tenkja deg om før du tek nakenbilete av deg sjølv.

Slike foto må du aldri senda til nokon

Kva er eigentleg lov å dela på nett og kor går grensa?  Dette svara politiet på då dei vitja Austevoll ungdomsskule i dag.

– Det er ikkje lov å ta foto av seksuell karakter av personar under 18 år. Du har heller ikkje lov å dela slike foto, seier Karen Marie Mikkelsen og Malin Henningsen ved politiet til åttandeklassingane ved Austevoll ungdomsskule. Ved å bruka korte videosnuttar basert på verkelege hendingar, etterfylgt av spørsmål på mobilane til elevane, får elevane reflektera over viktige problemstillingar.

– Kva reknar me som eit nakenfoto? spør Karen Marie i politiet.

Det vert stille i salen. Nokon kviskrar at det er når ein ikkje har klede på seg. Politibetjenten nikkar.

– Det kan vera video av at nokon har sex, det kan vera puppebilete, eller det kan vera nokon som står i undertøy i ein utfordrande positur. Foto av rumpe og kjønnsorgan er sjølvsagt òg nakenfoto, seier Karen Marie. Visste du at alle slike foto er ulovleg å ta dersom du er under 18 år, trass i at du tek foto av deg sjølv?

– Det er heller ikkje lov å dela dei, seier Malin. Politibetjentane presiserer likevel at du ikkje må vera redd for å ta kontakt med foreldra dine eller politiet dersom du har teke nakenbilete av deg sjølv, og er redd for at det har blitt spreidd til andre.

– Sjølv om det er ulovleg vil du ikkje bli straffa for det. Me vil at du skal føla det trygt å komma til oss og fortelja om det, seier Malin.

Kva gjer du dersom biletet ditt blir spreidd?

Det som derimot er straffbart er å spreia nakenbilete på nett. Dersom du tek i mot eit slikt foto av nokon må du ikkje lagra det, sjølv om du får det av personen som har teke det av seg sjølv. Du kan heller ikkje visa det til andre.

– Hovudregelen er at du ikkje kan ta, ha eller dela seksualiserte foto av personar under 18 år, seier politiet. Kva kan du gjera dersom du fyrst har sendt foto av deg sjølv, og merkar at nokon tek skjermbilete eller sender det vidare?

– Du må gje beskjed til personen som tok skjermbilete og be han eller ho om å sletta det. Dess fortare du gjer det, jo betre. Då er det mindre risiko for at fotoet vert spreidd, forklarar Karen Marie. Er skaden fyrst skjedd, er det viktig å gje beskjed til ein vaksen eller til politiet. Dei kan hjelpa deg å få det fjerna.

– Likevel er det ganske vanskeleg å få fjerna eit slikt foto frå internett om det fyrst er spreidd. Folk kan ha lasta det ned på mobilane sine og delt det vidare. Det er difor utruleg viktig å tenkja deg godt om før du trykkjer send, forklarar Malin. Sjølv om det kan vera fristande å ta hevn i slike situasjonar, ber politiet deg om å ikkje gjera det.

– Då kan du òg straffast, forklarar dei.

Få sender nudes

Sjølv om vener og kjente seier at dei sender nudes, så vil ikkje det seia at det er vanleg.

– Berre 13 prosent av alle ungdommar sender nakenfoto. Det er ei myte at alle gjer det. Det er lov å seia nei, understrekar Karen Marie.  I enkelte situasjonar kan det òg skje at personen som får tilsendt biletet startar å truga deg med å dela fotoet vidare dersom du ikkje sender fleire seksualiserte foto.

– Då må du ta skjermbilete av chatten eller meldingane og visa det til ein vaksen. Du må ikkje senda fleire foto. Som regel vil personen berre spørja etter fleire og fleire bilete dersom du gjev etter, forklarar politiet. Dei rår deg til å kontakta helsesyster, nettpatruljen, politiet, foreldre,  eller andre vaksne dersom du opplever slike ubehagelege situasjonar på nett.

– Tenk alltid over om det er innafor å dela fotoet du tek sjølv eller får av andre. Igjen, hugs at hovuregelen er at det ikkje er lov å ha, ta eller dela foto av personar under 18 år, avsluttar politiet.