Fyrste veka av 2021 vert det sett 20 vaksiner ved PO-senteret i Austevoll, melder kommuneoverlegen. Illustrasjonsfoto: iStockphoto.
Massevaksineringa på Helsehuset går som planlagt i neste veke. Illustrasjonsfoto: iStockphoto.

Slik påverkar stogg av AstraZeneca-vaksinen Austevoll

Vaksineringa med AstraZeneca er stansa i heile Noreg. I Austevoll vil befolkninga inntil vidare merka minimalt til dette.

– Austevoll har motteke 200 dosar AstraZeneca til helsepersonell. No pausar me bruken av denne vaksinen, men dette vil per no ikkje gå utover vaksinasjonsplanen for befolkninga i Austevoll. Grunnen til dette er at personar som ikkje er helsepersonell vert vaksinert med Pfizer-vaksinen og ikkje AstraZeneca, forklarar vaksinekoordinator Ann Kristin Fagerbakke.

Massevaksineringa på Helsehuset og vaksinasjon på Møkster for folkeregistrerte der over 65 år, vil difor gå som planlagt til veka. Bruken av AstraZeneca-vaksinen vert stansa grunna dødsfall etter blodpropp i Danmark, og ein fryktar at hendinga kan vera knytt til biverknadar etter vaksinering med AstraZeneca.

– Dei som alt har fått AstraZeneca-vaksinen må ikkje uroa seg. Dette er berre eit føre-var tiltak, og dersom det viser seg å vera ein samanheng mellom vaksinen og blodpropp, så vil dette vera ein særs sjeldan biverknad, forklarar vaksinekoordinatoren.

Til veka skal alle over 80 år i Austevoll, som ynskjer vaksinen, vera vaksinerte. For å letta vaksinasjonsarbeidet vil alle over 65 år som er folkeregistrerte på Møkster òg få tilbod om bli vaksinert der i neste veke.