Boka Havstrilen Magnus Stangeland.
Boka Havstrilen Magnus Stangeland.

Bokmelding:

Siste stikk til Magnus Stangeland

I 2011 gav min gode BT-kollega gjennom mange år, Olav Garvik, ut ei bok med tittelen «Gründer i grov sjø». Den handla om det travle og spennande livet til austevollingen Magnus Stangeland, men ho hadde ein litt uferdig slutt: Då boka kom ut, var ikkje Stangelands kamp mot rettssystemet over. Påtalemakta meinte framleis at han hadde forbrote seg mot landets lov og – urettmessig – tuska til seg offentlege pengar. Valakers bok handlar mellom mykje anna om korleis Stangeland kjempa seg gjennom rettssystemet, og til slutt – 23. april 2012 – vart frikjend. Han kunne med god grunn peika nase til heile påtalemakta. Det var mange rundt i landet som syntest at denne måndagen var ein god dag i kongeriket.

Dette er viktigaste grunnen til at bok nummer to no ligg føre. Den heiderlege og særs geskjeftige strilen var mest av alt  oppteken av å skapa verdiar og arbeidsplassar. Han kunne ikkje leva med eit stempel i panna som sa at han hadde tuska til seg pengar frå fellesskapet.

Ikkje dermed sagt at denne frimodige austevollingen ikkje liker at pengane ynglar og formuen veks. Det ligg vel litt til folkeslaget. Men å gjera seg til kjeltring for småpengar? Nei, det blir for dumt.

Stangeland sitt himmerike har vore Stolmen. Og sjølv om mannen etter kvart er meir bereist enn folk flest, så kan ingen vera i tvil om at det er Austevoll som er kjæraste staden på jord. Også då han i tolv år var stortingsrepresentant for Senterpartiet, drog han heim så sant han kunne i helgene.

Men når sant skal seiast – han treivst i hovudstaden også. Når det leid litt ut på kvelden tusla ofte Magnus det stutte stykket frå Stortinget til Tostrupkjellaren. Eller «Tørrstrupkjellaren» i Jon Leirfalls frodige sogestil. Det var på den tida viktigaste «vassholet» for pressefolk og politikarar i hovudstaden.  Men det var sjeldan vatn i glasa. Til gjengjeld kan eg lova at det aldri var kjedeleg. Med eit så frodig tilbod i gangavstand, er det vanskeleg å tenkja seg at Magnus skulle sitja på hybelen og stura.

Mange makta ikkje denne kombinasjonen – seine kveldar på byen og krevjande arbeid neste dag. Magnus Stangeland var eit av dei mest lysande unnataka. Livet som drivgarnfiskar hadde gjort han hardfør. Der dreiv dei på til like før midnatt, og så var det på’an igjen klokka 05.00. «Slik heldt me på til me var fullasta, det tok ikring ein månad», seier han i boka. I eit slikt perspektiv blir jamvel stortingslivet ein leik.

Når vi les om livet til Magnus Stangeland, framstår mannen visjonær, hardtarbeidande og med ei eineståande evne til – gjennom hardt arbeid – å gjera luftige idear om til hard valuta. I tillegg heiv han seg med dersom han såg at andre hadde glupe idear. Då opna han pengeboka, og etter ei tid vart han kalla «ti-prosenten». Det var standard innskot frå Stangeland.

Truleg for å sikra at han ikkje skulle bli gåande arbeidslaus, sa han ja til å ta over styringa av Redningsselskapet. Det vart eit strevsamt og lite hyggjeleg innslag i livet hans, og endå om han i siste kapittel står frimodig på brua og vinkar, så vart det nokre riper i lakken. Sjølv kallar han dette engasjementet «Det dummaste eg nokon gong har gjort». Det er grundig dokumentert i boka.

I kapitlet «Mann over bord» møter vi Magnus Stangeland i det som må seiast å vera hans rette element. Ein mann, ein båt – og så havet. Under arbeid med å fjerna eit usikra tau kjem det ei stor bølgje, og Magnus hamnar i sjøen. Detaljane er det gjort nøye greie for i boka, men den korte versjonen er at det blir ein kamp på liv og død utover kvelden og den iskalde natta – og like til neste føremiddag. Det er harde tak, og jamvel om Magnus seier han hadde trua, forstår vi at også den vakla. Men, som ved eit under maktar hardhausen frå Austevoll å kjempa seg gjennom natta og dei iskalde morgontimane. Kroppstemperaturen er under 35 grader, pulsen slår ikkje heilt som han skal – og seinare konstaterer lækjarane at lungene er halvfulle av vatn. Men det gjekk bra, og Magnus Stangeland fekk sanna Per Sivles ord om «at livet, det er no det likaste lell».

Forfattaren har også gjort korte intervju med kjenningar av Stangeland, som etter beste evne prøver å karakterisera den fargerike austevollingen. Også forfattaren av denne meldinga er intervjua. Desse korte stubbane kan nok vera med på å komplettera biletet. Men det blir litt smør på flesk. Det portrettet Valaker har teikna av Austevolls store son, står trygt på eigne bein.

 

OLAV KOBBELTVEIT

Tormod Valaker: «Havstrilen – Magnus Stangeland»

Austevoll forlag AS 2021