Når Austevoll kommune sitt flagg vaia ved PO-senteret, har det resultert i ein kraftig reduksjon i innkjøp av tenester frå private. Overtakinga av drifta skjedde i juni 2020. Arkivfoto.
Når Austevoll kommune sitt flagg vaia ved PO-senteret, har det resultert i ein kraftig reduksjon i innkjøp av tenester frå private. Overtakinga av drifta skjedde i juni 2020. Arkivfoto.

Reduserte innkjøp frå private med 37 millionar kroner

Austevoll kommune brukte 116 millionar kroner, eller 21,9 prosent av driftsinntektene sine, på innkjøp frå private i 2020, skriv Kommunal Rapport. Det ein nedgang på 37 millionar kroner frå 2019.

Austevoll kommune kjem på andreplass av alle landets kommunar når ein reknar kor mange prosent av inntektene som går til innkjøp frå private aktørar, går det fram av ei oversikt i Kommunal Rapport. Det er Moskenes som ligg framfor Austevoll på tabellen, med 33 prosent. Likevel brukte altså Austevoll 37 millionar mindre på å kjøpa private tenester i 2020.

I kommunal Rapport forklarar ordførar Morten Storebø at rekommunaliseringa av pleie- og omsorgstenestene er årsaka til reduksjonen.

– Austevoll har konkurranseutsett heile eldreomsorga fram til i fjor, då kommunen tok tilbake drifta av tenesta. Det er ein veldig stor sektor der me tidlegere brukte privat aktør, seier han.

Verdt å merka seg er òg at kommunen berre har private aktørar i barnehagesektoren.