Ein elev ved Storebø skule er smitta med korona, noko som får konsekvensar for elevar og tilsette som må i karantene.
Ein elev ved Storebø skule er smitta med korona, noko som får konsekvensar for elevar og tilsette som må i karantene.

Nytt smittetilfelle råkar Storebø skule

Ein klasse og seks tilsette ved Storebø skule er i karantene etter nytt smittetilfelle vart avslørt i helga. Smittekjelda er kjent, skriv kommunen på nettsida si,

– Ein elev ved Storebø skule har i helga testa positivt på covid-19. Klassen til eleven, seks lærarar/assistentar og nærståande er sett i karantene. Smittetilfellet har kjent smittekjelde, skriv kommunen på nettsida si.

– Elevar og føresette er informert direkte frå skulen. Elevane får digital undervisning i perioden, og skulen vil gje fortløpande informasjon om korleis undervisninga vil foregå i karanteneperioden. Det er ikkje avklart kva variant av covid-viruset som er påvist. Det blir utført testing av elevar og tilsette i helga slik at me så raskt som mogeleg kan få avklart situasjonen, held dei fram.

Dermed er det to tilfelle stadfesta dei to siste dagane.