– Det nye tilfellet har ikkje samanheng med det me hadde i førre veke, opplyser kommuneoverlege Inger C. Uglenes til Marsteinen. Vidare er det kjent at personen med smitta har vore på vinterferie og berre hatt sin eigen familie som nærkontaktar.
Det totale talet med austevollingar som har hatt covid-19 ligg dermed på 39 tilfelle med eitt kvar dei to siste vekene.