Ei bru over Bjørnafjorden i Hordaland er ein del av planane for vegsambandet Hordfast. Her ser vi forslag til korleis brua langs kan bli sjåande ut. Illustrasjon: AMC / Statens vegvesen
Ei bru over Bjørnafjorden i Hordaland er ein del av planane for vegsambandet Hordfast. Her ser vi forslag til korleis brua langs kan bli sjåande ut. Illustrasjon: AMC / Statens vegvesen

Leiaren for Hordfast meiner miljøferjer er sløsing med straum

Statens vegvesen rekna seg i fjor fram til at klimaeffekten av brusambandet Hordfast ville vere negativ dersom ferjene på strekninga var elektriske. Leiaren for lobby-selskapet Hordfast AS trur ikkje det er mogleg med elektriske ferjer på strekninga.

– Alle som har greie på det, seier at det ikkje er mogleg. Det har samanheng med at strekninga er så lang, seier Øyvind Halleraker, leiar for Hordfast AS til Bergens Tidende.

Halleraker har heller ikkje tru på hydrogendrivne ferjer som alternativ til bruplanane over Bjørnafjorden og Langenuen.

– I dag bruker dei fem ferjene på strekninga Halhjem-Sandvikvåg i underkant av 500.000 kilowatt-timar i døgnet (kWh). Med hydrogen blir det same forbruket 1,2 millionar kWh. Tilsvarande vil biltrafikk bruke 69.000 kWh, seier Halleraker.

Han meiner det vil vere sløsing av straum å drifte sambandet med miljøvennlege ferjer.

– Det er jo energiknappleik som er saka, og då er det sløsing å bruke dyrebar elkraft til produksjon av hydrogen til ferjetransport. Særleg der ferjene enkelt og av andre gode grunnar bør erstattast med veg, som altså gir både lågare utslepp og altså langt lågare energiforbruk, seier han.