Det ligg an til investeringar opp mot 500 millionar kroner i Haukanesmarka, no som statsforvaltaren avvist klagene på prosess knytt til reguleringsplanen. Det gler sjølvsagt Sigurd Aase.
– Me har venta på den endelege godkjenninga. No som ho er stadfesta, skal me sjå på prosjekteringa, seier Aase til Marsteinen. Konkret betyr det mellom anna å sjå på massane som skal takast ut, vurdera kor mange byggjetrinn dei skal satsa på: Eitt, to eller tre i starten.
Aase seier at interessentane bak kråkebolleanlegget ikkje har teke skrekken av motstanden ein del av lokalbefolkninga har vist mot anlegget.
– Nei, tvert om har noko av argumentasjonen vore uriktig. Etter å ha prøva og feila i fem år, klarte me å driva kråkebolleoppdrett med gode resultat i to år. Det er denne løysinga me no skalerer opp, seier Aase. Han innrømmer at det er utfordrande å industrialisera oppdrett av nye artar, og viser både til flatfisk- og lakseoppdrett.
– Det var uansett ein grunn til at me valde oss Austevoll, som jo ikkje kan leva på turisme åleine i åra som kjem, seier gründeren med eigarpostar mellom anna i Trygge barnehager-konsernet.
Tre klager
Statsforvaltaren meiner at saka er vorte godt nok opplyst til å fatta vedtak, og viser til at kommunen har gjort konkrete vurderingar av konsekvensane for dei løysningane som er valde gjennom reguleringsplanprosessen. I tillegg skriv dei at kommunen har hatt tett dialog med statsforvaltaren i som har komme med attendemeldingar, som kommunen i sin tur har følgd opp.
– Kommunen har behandla reguleringsplansprosessen i samsvar med dei krava som gjeld i plan- og byggjelova kapittel 12. Dei faglege vurderingane som er gjort er tilstrekkeleg begrunna. Reguleringsplanen er behandla i tråd med den kompetansen kommunen har som planmyndigheit, og han er begrunna med saklege planomsyn, heiter det i skrivet frå statsforvaltaren.
Klagarane, blant dei samansluttinga FNF Hordaland, har peika på store, irreversible inngrep i naturen og manglande omsyn til naturverdiane i området. Kartlegging av naturmangfald og raudlisteartar meiner dei har manglar og det er ikkje sett på klimaeffekten. Frå naboeigedomen vert det frå Inger Johanne Byberg peika på at naturverdiane er undervurdert, og at det på hennar eigedom er regnskog og gamal furuskog. Fylkesvegen sin standard er òg peika på som mangelfull. Frå bygdelaget i Haukanes vert vassforsyninga mellom anna peika på som eit problem med planen. Statsforvaltaren går gjennom desse momenta i klagehandsaminga si og endrar på å stadfesta kommunen sitt vedtak.