Gode nyhende etter at alle prøvane tekne i helga er inne. Illustrasjonsfoto: iStockphoto.
Gode nyhende etter at alle prøvane tekne i helga er inne. Illustrasjonsfoto: iStockphoto.

Ingen fleire med covid-19

Etter ei hektisk helg med smittesporing er ingen fleire positive prøvesvar komne inn. Kva virustype det er snakk om som har råka Austevoll, veit kommunen ikkje enno.

Så langt ser det ut som kommunen har fått kontroll etter at to austevollingar nyss avgav positive covid-19-prøvar. Resten av prøvane som er tekne i smittesporingsarbeidet – 36 regulære prøvar og 80 snøggprøvar – føreligg det no komplett resultat på.

– Me har fått svar på prøvane våre og ingen nye er positive. Me har ikkje fått svar på kva type virus det er enno. Status på karantene/smitte er som kommunen informerte om i går, opplyser kommuneoverlege Inger C. Uglenes.

– Me håper med desse tiltaka at me har kontroll og at det ikkje kjem fleire tilfelle.

46 personar er sett i karantene.