Samferdselssatsinga vår er heilt historisk, seier statsminister Erna Solberg (H) til NRK.
Vegprosjektet Hordfast mellom Stord og Os er det største og dyraste delprosjektet i visjonen om ferjefri E39 langs kysten. Firefelts motorveg og rekordlang flytebru skal erstatte tre ferjesamband og redusere reisetida frå Bergen til Stavanger og Haugesund.
Nasjonal transportplan (NTP) skal etter planen leggjast fram før påske. Dei siste lekkasjane som kom i dag, føyer seg inn i ei lang rekke lekkasjar som har komme dei siste vekene. Det var Solberg, klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) og utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) som presenterte dei siste lekkasjane på eit digitalt pressemøte onsdag.
Hordfast har vore omdiskutert i lang tid og det har vore stor usikkerheit til om det i det heile ville bli sett av midlar til prosjektet. Dei siste lekkasjane frå NTP stadfestar altså at det blir sett av midlar til Hordfast.
– Hordfast byggjer Bergen og Sunnhordland tettare saman. Vi byggjer sterkare bu- og arbeidsmarknad for denne regionen, seier statsministeren.
Den rasutsette vegen E16 mellom Arna og Stanghelle blir og lova midlar i neste NTP. Lokalbefolkninga har i lang tid bede om at sikkerheita på vegstrekninga må utbetrast. No blir det både ny veg og jernbane på strekninga.
– Vi legger opp til å gjennomføre utbygginga som eit fellesprosjekt mellom veg og bane. Det er viktig for å ta ut synergiar mellom delvis samtidig utbygging på veg og bane. Gjensidig bruk av rømmingstunnelar er eitt eksempel, sa Solberg under pressemøtet ifølgje Bergens Tidende (BT).
<p>(©NPK)</p>