Nokre er skeptiske til klimasatsing, og har ikkje har heilt den store trua på at deira bidrag tel i det store klimarekneskapen. Norge kan ikkje løysa verdas klima utfording åleine kan me høyra folk seier. Andre ser nye forretningsmoglegheiter i behovet for ny teknologi. I 2018 fekk reiarlaget «Innovasjonsprisen» under Nor-Shipping i Trondheim for prosjektet med den nye båten.
For å kunne visa veg i miljø utviklinga har reiarlaget vore avhengig av at det er ei «nybyggingsordning» innan fiskeri som er konkurransedyktig. Det betyr at kvotene som blir fiska på fartøyet som skal erstattast, kan fiskast på andre båtar. I tillegg har dei nytta seg av den vellukka ordninga med NOx-fondet. Der alle båtar over ein viss storleik betalar inn til eit fond, for deretter at fondet bidreg til nye miljøvennlege investeringar som t.d maskineri som kan nytta LNG. Dersom dei no vel å gå til Stord for å bunkra biogass, blir båten i realiteten eit nullutsleppsfartøy. Regjeringa har også styrka ENOVA, ei støtte ordning for energisparing. Om bord på den nye båten er det turbinar plasserte i stabilisatortankane som vil utnytta slingring og stampesjø til å produsera elektrisk kraft som blir lagra på batteri, til bruk både til framdrift og på for eksempel elektriske kraner og vinsjar.
Mens SP og Frp hevdar regjeringas klimamelding vil drepe norsk fiskerinæring har karane på Liaskjeret atter ein gong vist at det er mogeleg å tenkja nytt og investera for framtida. Utan eit framoverretta næringsliv med kapital og vilje til å ta samfunnsansvar og nå mål er klimapolitikk lite verdt. Skal vi lukkast i den grøne omstillinga lyt me samarbeida om gode løysingar. Ny C02-avgift skal ikkje bli ein pisk med nye inntekter til staten, men avgifta må tilbakeførast til grøn omstilling. Det vil sikra ein konkurransedyktig norsk fiskeflåte.
Det betyr at det skal løne seg å velja rett, samtidig som me ikkje skal unødig avgiftsbeleggja næringslivet som ikkje har eit miljøvenleg alternativ. Det betyr at det må for eksempel utviklast også gode miljø alternativ til dei minste fartøya før dei kan belastast med særskilte avgifter.
Me vil gratulera både Peder`n og mannskap med den nye flotte båten.
Måtte hell og lykke følge deg og ditt mannskap på alle hav!
Fiskeriminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) og Stortingsrepresentant Ove Trellevik (H)