Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) møtte elevar frå mellom anna Austevoll vidaregåande skule før lunsj torsdag.
Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H) møtte elevar frå mellom anna Austevoll vidaregåande skule før lunsj torsdag.

Fekk møta fiskeriministeren på Teams

Tre klassar ved Austevoll vidaregåande skule fekk stilla spørsmål og komma i dialog med fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen (H), saman med elevar frå tilsvarande klassar frå Ålesund og Måløy.

Elev Gabriel Haarvei i akvaklassen VG2 bved Austevoll vgs. undra seg over kva fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebritsen har tenkt å gjera for å stimulera for meir vekst i næringa.

– Me må mellom anna stimulera til meir berekraftig og sjølvforsynt på fiskefôr, ved å dyrka mellom anna tang og tare til bruk i fiskefôr, eller nyttiggjera oss CO2 frå industrien for å bli mindre avhengige av soyaimport frå Brasil, svarte ministeren. Vidare la han til at utfordringar med lus, slamutslepp og rømming vert løyst.

– Nokre oppdrettarar har slite med døydelegheit på opptil 30 prosent. Det er ikkje berekraftig, sa ministeren og peika på at andre aktørar har heilt nede i fire-fem prosent.

Haarvei følgde opp seinare i møtet, og stilte spørsmål om nye artar.

– Me har satsa mykje på forsking i nye artar, mellom anna på torsk. Mellom anna er teknologi og automasjon viktig viss me skal auka foredlinga var her til lands. Me bruka 2,4 milliardar kroner frå staten på forsking retta mot nye artar og teknologi, svarte Ingebrigtsen.

Fylket avgjer

Magnus Taranger frå ei av dei andre linene spurde om rekrutteringsordninga for unge fiskarar. Her svarte ministeren at den nye rekrutteringsordninga er særs gode.

– Slik me har det no er fiskeria ei av dei næringane som det ligg best til rette for å starta opp i, og byggja seg opp kapital, sa Ingebrigtsen. Mellom fem-ti unge fiskarar blir trekte ut til ordninga kvart år.

Elevane i Ålesund var med møtet, og det framgjekk at møringane var frustrerte over manglande satsing på blå fag.

– Korleis har det seg at Måløy og Austevoll har slike store skulebåtar, medan me berre har ein sjark på 40 fot? spurde ein elev, som òg sa at det vart fiska krabbe med.

Dette var spørsmål som ministeren oppfordra elevane og skulane til å spela over til det aktuelle fylket, Møre og Romsdal.